Søk i denne bloggen

onsdag 31. august 2022

Månadsoppteljing #87 | August i bøker

August var: Halvparten ferie, halvparten jobb! Siste feriehelga vart brukt i Oslo som støttekontakt/personleg assistent for Ann Helen-mi. Stjerna hadde boklansering på Youngstorget, og me var i lag store deler av torsdag og fredag. Eg har i utgangspunktet dårleg retningssans, men akkurat Oslo sentrum har eg kontroll på etter fleire turer til hovudstaden. Derfor var det ekstra artig å kunne vere den som viste veg, og som stor fan og (eg tillater meg å skrive dette) venninne var det kjekt å ta vare på stjerna mi. Etter Ann Helen reiste heim gjekk eg på Nasjonalmuseet og det var og ei oppleving. Alle som ikkje har vore der må der (sett av nokon timer) og eg kjem absolutt igjen.

Jobb-kvardagen kom plutseleg, og den var etterlengta. Det er godt å kjenne på at du sakner jobb og daglege rutiner. Nå kan hausten bare kome - eg er klar!

I august har eg lest: I skrivande stund er eg 9 bøker frå målet om 104 bøker i år. Det er meget motiverande og eg er i tenkeboksen om eg skal oppgradere målet eller sjå kor mange eg ender opp med til slutt.

Boklista for august er prega av Bookers langliste og førebuingar til Kapittel-festivalen neste månad. Eg er ein ekornleser av rang, så hopper frå det eine til det andre etter humør. Det fører ofte til mange påbegynte bøker, men etterkvart blir dei ferdige ein etter ein.

* Alan Garner: Treacle Walker (lyd frå Storytel) BP22
* Audrey Magee: The Colony (lyd frå Audible) BP22
* John Keats: The Eve of St. Agnes (papir frå hylla)
* Thomas Hardy: Woman Much Missed (papir frå hylla)
* Guy de Maupassant: Femme Fatale (papir frå hylla)
* Hernan Diaz: Trust (lyd frå Storytel) BP22
* Elizabeth Strout: Hva som helst er mulig (papir frå biblioteket)
* Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Eg blir her (papir frå hylla)
* Per Petterson: Mitt Abruzzo. Journal 29.1.-18.7.2021 (papir frå biblioteket)
* Elizabeth Strout: Åh, William! (papir frå biblioteket)
* H.S. Palladino: Den som frykter snøen (papir frå biblioteket)
* Charles Dickens: The Old Curiosity Shop (lyd frå Storytel)
* Maddie Mortimer: Kart over kroppens makeløse landskap (papir frå biblioteket)
* NoViolet Bulawayo: Glory (lyd frå Audible)

I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med: Ein dag blir disse ferdige, skal me sei innan jul i alle fall ;-)

* Johan Theorin: Beinreister (Öland #5)
* Charlotte Brontë: Shirley (digitalt med kindle)
* Ann Radcliffe: The Mysteries of Udolpho (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)
* Hanya Yanagihara: To Paradise (digitalt med kindle)
* George R.R. Martin: A Dance with Dragons (A Song of Ice and Fire #5) (lyd frå Storytel)

I september skal eg: Eg har i dag fått innvilga feriedager til Kapittel-festivalen så mellom 22. og 25. september finner du meg i byen (Stavanger, altså). Eg gler meg!

XOXO

2 kommentarer:

  1. For en fest slutten av sommerferien ble for deg, det er gøy. Jeg har og lest Eg blir her, og likte den veldig godt :)
    Studerte boklisten din og funderer litt over om jeg skal prøve meg på en lydbok på engelsk en gang. Jeg både snakker og lese engelsk, men lydbok har jeg ikke forsøkt.
    Kjekt å være så nær lesemålet mange måneder før året er omme, gratulerer! Jeg skal til Oslo i september, og Nasjonalmuseet står øverst på listen, gøy å høre at du likte det du så godt, nå gleder jeg meg enda mer.
    Ha en fin dag Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du både snakker og leser engelsk så hadde eg absolutt prøvd med engelske lydbøker. Om det ikkje går første gongen du velger ei bok, så velger du ei anna. Eg begynte med Harry Potter på lyd for det var kjent for meg, nå lytter eg til alt. Og surrer hodet i ein anna retning så er det feil bok for anledningen, men ikkje nødvendigvis feil bok for alltid.

      Nasjonalmuseet må opplevas, og eg skal definitivt tilbake. Der finner du og Oda ;-)

      Slett