Søk i denne bloggen

søndag 2. oktober 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Stevenson, Marx&Engels og Petronius


#19 Olalla er ei novelle frå den viktorianske forfatteren Robert Louis Stevenson. Han er mest kjent for sin roman Dr Jekyll and Mr Hyde. Denne novella handler om ein ung mann som blir invitert til eit spansk gods for avslapping etter sjukdom. Familien som eiger godset er ganske merkelige, også faller fortelleren for familiens dotter, Olalla. Baksideteksten sier gotisk, spansk artistokrati, vampirisme og kjærleik. Eg liker det eg har lest av Stevenson tidlegare, men denne var ingen høydare. Sidan det er viktoriansk vil eg gjerne like det, men dengang ei.

#20 The Communist Manifesto er noko eg har høyrt om i fleire år, og eg skal på ingen måte starte ein revolusjon fordi eg nå har lest manifestet. Det var interessant, men ikkje meir enn det.

#21 Trimalchio's Feast er eit utdrag frå det latinske mesterverket The Satyricon. Det er satire frå ein romersk bankett med Trimalchio som vert. Underhaldningsverdien er stor, men eg finner dessverre ikkje fordrukne selskaper som stor litteratur.


XOXO

| Forfattere: Robert Louis Stevenson, Karl Marx, Friedrich Engels og Petronius | Utgitt: 1885, 1888, 66 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar