Søk i denne bloggen

lørdag 31. desember 2022

Månadsoppteljing #91 | Desember i bøker

Desember var: Når du jobber med ungar kvar dag, er kvar dag ein fest. I adventstida går samtalen om kalendergaver, rampenissestreker, småkaker, julegaveønsker og alt anna som høyrer jula til. Eg har vore hoppande glad, og intenst trist denne månaden, og har lært nok ein gong at døden går det ikkje an å diskutere med. To av mine finaste venninner har barn som eg kjøper bøker til i julegave, og eg har fått videoer med pur glede i både auge og kropp. Tidleg i desember døyr ei av mine mostrer (mi mors søster) og med begravelse fire dager før jul så satte det ein middels demper på julestemninga. Eg har fleire mostrer, men det er alltid dei beste som går først. Heldigvis kan ingen ta frå oss minnene.

I desember har eg lest: Litt merkelig lesemånad. Motivasjonen har ikkje heilt vore der, men eg kom gjennom 180 bøker dette året. Høgdepunktet for vaksne var siste bind i trilogien om kong Olav V, medan for barn/ungdom var det tre bøker i Vanderbeeker-serien. 

* Lena Lindgren: Ekko. Et essay om algoritmer og begjær (papir frå biblioteket)
* Ágota Kristóf: I går (papir frå biblioteket)
* Tore Rem: Olav V. Ensom majestet. 1946-1991 (papir frå biblioteket)
* Ingrid Z. Aanestad: Berre mor og Ellinor (papir frå biblioteket)
* Jeanette Semb: Avsløringen (Familien på Villa Solgry #4) (papir frå biblioteket)
* Anton Chekhov: Gooseberries (PLBC #34) OTS
* Samuel Taylor Coleridge: Well, they are gone, and here I must remain (PLBC #35) OTS
* Johann Wolfgang von Goethe: Sketchy, Doubtful, Incomplete Jottings (PLBC #36) OTS
* Karina Yan Glaser: The Vanderbeekers Lost and Found (The Vanderbeekers #4) (lyd frå Storytel)
* Thomas Seltzer: Amerikansk karmageddon. Tanker om mitt fordømte fedreland (papir frå biblioteket)
* Charles Dickens: A Christmas Carol (papir frå hylla)
* Karina Yan Glaser: The Vanderbeekers Make a Wish (The Vanderbeekers #5) (lyd frå Storytel)
* Karina Yan Glaser: The Vanderbeekers On the Road (The Vanderbeekers #6) (lyd frå Storytel)
* Maren Tjelta Thu: Alva og julenissen (papir frå biblioteket)
* Charles Dickens: The Great Winglebury Duel (PLBC #37) (papir frå hylla) OTS

I desember fullførte eg ikkje og fortsetjer med: Eg tar med disse inn i 2023, og satser på at dei blir lest på eit tidspunkt.

* Alan Rickman: Madly, Deeply. The Diaries of Alan Rickman (digitalt med kindle)
* Charlotte Brontë: Villette (papir frå hylla) OTS
* Charles Dickens: Barnaby Rudge (lyd frå Storytel)
* Ann Radcliffe: The Mysteries of Udolpho (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)

I januar skal eg: Kollegafest, og klassikerlørdag på Sølvberget. Elles tar eg det som det kjem!

XOXO

7 kommentarer:

  1. Fine Elida, takk for det gamle! Jeg er så glad for at du holder liv i bloggen, selv om du er aktiv også på snap og instagram <3
    Du har lest masse i desember, kjekt å finne igjen A christmas carol, den leser du jo hvert år. Jeg har lyst å kjøpe meg Lisa Aisato sin, men det får bli til neste år når den er litt billigere.
    Av dine bøker har jeg lest de to første, Ekko likte jeg i alle fall veldig godt, I går husker jeg ikke så godt.
    Jeg har landet tre bøker til neste års 1001-lesesirkel, leste ikke så nøye de nye "reglene" kanskje jeg skal våge meg innpå den Goodreadslenken...
    Trist med favorittanten, også i julen da. Vi har også vært i begravelse i romjulen, og svigermor er på sykehus nå når vi besøker dem, det setter livet litt i perspektiv.
    Takk for det gamle Elida, og riktig godt nyttår når den tid kommer om noen timer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei fine Tine! Eg liker så godt blogg pga formatet og den ryddige måten å gjera det på. Liker godt andre sosiale medier, men kjem alltid tilbake til bloggen. A Christmas Carol er ein stor favoritt, og eg har sjølvsagt kjøpt den nye :-)

      Det er ikkje så mange endringer, men leser du seks bøker får du eit lodd, ni bøker får du to lodd og 12 bøker får du tre lodd i trekninga. Goodreads er gøy, og eg er meget behjelpelig om noko mangler.

      Det var ein lei strek i rekninga med det dødsfallet, men det var godt for ho å slippe taket då ho har vore sjuk eitt års tid. Kondolerer til deg og, og gode ønsker til svigermor.

      Takk for det gamle, Tine!

      Slett
  2. Bra dette da:)
    Takk for du holder liv i bloggen og 1001-sirkelen.
    Ekko har jeg lest, likt veldig godt, meget viktig og bra bok, synes jeg:)
    Ønsker deg et riktig godt nytt år:) (skal vel egentlig sies i morgen;))

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje så aller verst :-) Takk for gode ord, Anita :-) Takk for det gamle!

      Slett
  3. Hei fra fjellet :-) Jeg henger på blogg og leser litt, og noterer meg 1001-bøker for 2023. Jeg går alltid sterkt ut og faller fra midtveis. Tror jeg må leve med at det er sånn det blir. Av bøkene dine har jeg lest en hel, Ekko. Som de andre syns jeg den var svært bra. Kanskje...den beste boka jeg leste i 2022. Ihvertfall den aller beste sakprosaboka. Takk for det gamle Elida, så sees vi i det nye. Skal prøve å bli GoodReads bibliotekar mens jeg er her borte, men noen vrine spørsmål!!! Det skal de ha... GODT NYTTÅR !!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det gamle, me sjåas når du kjem heim frå fjellet :-) Lykke til med bibliotekar-spørsmåla! Godt nyttår!

      Slett
  4. Virkelig en solid liste og gode klassikere du tar med deg til 2023! Ønsker deg er strålende leseår :)

    SvarSlett