Søk i denne bloggen

lørdag 4. februar 2023

Stemmens kontinent #5 | "Sjøfarar" av Sophia de Mello Breyner Andresen

Sophia de Mello Breyner Andresen (1919-2004) var ein portugisisk poet og forfatter med nordiske aner. Hennar oldefar var dansk, og derav etternamnet Andresen. I heimlandet heitte ho kun Sophia, og mottok dei fleste litterære priser Portugal kunne gi ho. Sophia kom frå ein rik familie med bøker i lassevis heime, og tidleg las ho Homers Odysseen på eiga hand. Sine danske aner var ho muligens stolt av då ho sjølv omsette Shakespeares Hamlet til portugisisk; eit stykke som går føre seg nettopp i Danmark. Sophia de Mello Breyner Andresen er ein av Portugals mest respekterte og verdsette forfattarar.

Sjøfarar er gjendikta av Tove Bakke, og utvalet er henta frå fleire diktsamlingar frå 50-, 60-, 70-, 80- og 90-talet. Som i bok 2 i denne serien er dikta omsett til nynorsk, og eg gjentar meg sjølv når eg skriver at nynorsk er den beste skrivemåten for dikt. Som europear har eg større forståelse for dikta til Sophia, og fleire av dei var meget gode. I tillegg til å skrive om ting som opptar ho sjølv skriver ho og om landsmannen Fernando Pessoa.

Eit par smakebeter:

Revolusjon

Som reinvaska hus
som nysopt golv
som open dør

Som klar start
som ny tid
utan last eller lyte

Som røysta til havet
inne i et folk

Som blanke ark
der dikt stig fram

Som arkitektur
når mennesket reiser
sitt eige hus

Gløym aldri

Gløym aldri Thassos eller Egina
pinjelunden søyla guddomskrafta
templet teatret ei kongle som trilla
duft av honning av stein av harpiks i lufta
Ditt nakne saltvassliv var der i statuen
under den blå sola, under guddomskrafta

Gløym aldri Treblinka og Hiroshima
redslene skremslene den aller største skamma

XOXO

| Utgitt: 2000 | Format: Heftet, 69 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar