Søk i denne bloggen

onsdag 8. februar 2023

Stemmens kontinent #6 | "Brukne negler" av Rosario Castellanos

Rosario Castellanos (1925-1974) var ein meksikansk poet og forfattar. Gjennom sitt virke som forfattar, på trass av sin tidlege død, opna ho dører til meksikansk litteratur for kvinner og la igjen ein arv som framleis er gjeldande i dag. Rosario Castellano var Mexicos ambassadør i Israel då ho gjekk bort i ei heimeulykke i 1974. Castellano skulle skifte ei lyspære på soverommet, men hadde akkurat dusja og var våt på hendene.

Brukne negler er gjendikta av Inger Elisabeth Hansen, og er ein omsetjing frå Poesia no eres tú frå 1975. Eg innrømmer glatt at denne diktsamlinga har eg skumma gjennom og fant lite av interesse. Eg fekk ein kommentar til #4 i serien om at innsenderen hadde nærmast slutta å lese dikt frå diverse samfunn (i det tilfellet India) fordi ho hadde ikkje grunnlag for å forstå. Eg syns det er synd, men samstundes er eg samd i kommentaren. Eg vil gjerne lære gjennom litteratur, men livet er for kort til å bruke tid på bøker og verk ein ikkje forstår.

Ein smakebete:

Det daglige (eit utdrag)

For kjærligheten finnes det ingen himmel, kjæreste, bare
denne dagen her;
dette triste hårstrået som faller
foran speilet når du grer deg.
De lange tunellene
som må gjennomtrenges åndeløst, pesende,
veggene uten øyne,
tomrommet sok gjenlyder,
av noens bortgjemte, bablende stemme.

XOXO

| Utgitt: 2001 | Format: Heftet, 80 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar