Søk i denne bloggen

onsdag 1. mars 2023

"Alle ting vil aldri bli som før. En løvemammas historie" av Helle Cecilie Palmer

Helle Cecilie Palmer (f. 1981) er ein samfunnsengasjert feminist, og er journalist og kommentator i Agenda Magasin. Ho har tidlegare jobba i forlaget Res Publica, er gift og har tre barn. Det er det mellomste barnet, Aurora, Palmers første bok handler om.

Alle ting vil aldri bli som før handler om Helle Cecilie og Konrad Palmers mellomste barn, Aurora. Ho vart fødd heilt frisk, men 5 månader gammal vart ho alvorleg sjuk med hjernehinnebetennelse. I dag er ho multihandikappa, og trenger hjelp til alt. Eg har fulgt Palmer og familien via organisasjonen og snapchat-kontoen Løvemammaene i fleire år. Løvemammaene er ein diagnoseuavhengig organisasjon som vart starta på grunn av pleiepengeordninga, og det viste seg at det var mange ting ein løvemamma og -pappa kunne kjempe for. Eg personleg har lært mykje ved å følge denne kontoen, og det største var at då min arbeidsplass fekk eit barn med knapp på magen så hadde eg sett sondematingsmaskin før og visste sånn delvis korleis den fungerte. det var ein seier for meg!

Helle Cecilie Palmer skriver opent og ærleg om livet, og korleis leve det med ein nå 7-åring som trenger ekstern hjelp. Det er til tider tøft å lese tankene til Palmer, og ho er open om at det er tøft å gå tilbake i kamerarullen til friske dager. Livet som mamma har vore beinhardt, men ho er ikkje aleine om det. Det er og ei storesøster inni biletet, ein ektemann og ein veslebror. Veslebror har og hatt hjernehinnebetennelse. Han kom ut på andre sida mykje friskere enn Aurora, men han og sliter med etterverknader. Konrad Palmer får og sine sider i boka, og han fortel at dei takla sorgen annleis. Han var opptatt av dei store tinga, som å sikre inntekt, jobb og hus. Etter fleire år vekke frå arbeidslivet fekk Helle Palmer sjansen til å gå tilbake:
Men jeg var heldig likevel. Jobben min var der fortsatt. Jeg hadde mistet mange år i arbeidslivet, men arbeidsgiveren min ventet på meg da jeg var klar. Ikke alle har det sånn. Dessverre har jeg hørt om mange som blir anbefalt eller presset av arbeidsgiver til å si opp jobben. Andre opplever at jobben forsvinner, på grunn av enten nedbemanning eller konkurs. (s. 138)
Mennesker med funksjonsvariasjoner har ikkje det beste ryktet i historiebøkene, om dei i det heile er innom historiebøkene. I gammal overtru trudde folk at barn med synlege funksjonsvariasjoner var byttinger. I Noreg var det gjerne huldra som fekk skylda for at dei underjordiske bytta sine barn med menneskebarn. Under andre verdskrig høyrer du om gasskamre for jøder, men Hitler og nazistene gassa og i hel minst 5000 barn og spedbarn og 70.000 voksne med funksjonsvariasjon og mentale lidelser. Så stilles spørsmålet: Er folk med fysiske og kognitive funksjonsvariasjoner anerkjent og sett på som likeverdige i dagens samfunn? Når fortauene blir oversvømt av reklameplakater slik at rullestoler ikkje kjem forbi, eller svaksynte snubler. Når personer utan HC-kort i bilen parkerer på HC-plass fordi dei skal bare inn på butikken eit par minutter. Når det snør, og måkebilen tømmer all snøen på HC-plassene fordi dei er så store og gode. Min innsikt og forståelse har i alle fall blitt større ved å følge Løvemammaene og lese denne boka.

I løpet av ein dag er det mange val å ta for ein familie på fem. Når det eine barnet i tillegg krever ein heil ekstra må du tenke deg om både ein og to gonger. Familien Palmer var på ferietur i Noreg under pandemien, og fant ut at Lillehammer var ein særdeles vanskeleg by for Aurora. Det var brostein overalt, trapper inn til omtrent alle restauranter og veret spelte heller ikkje på lag. Aurora har det til tider best heime med kjente personer, kjente lyder og si eiga seng. Det var derfor med tungt hjarte at det var ein firerbande som eit par år seinare reiste på tur. Utanfrå såg dei ut som ein heilt vanleg familie, men det mangla alltid ein. Val må tas, og i dette tilfellet hadde Aurora det best heime.

Eg har brukt nokre dagar på å lese boka, og i tillegg nokre dagar på å fordøye den. Helle Cecilie Palmer skriver utroleg godt, og eg er redd for at min vesle anmeldelse ikkje får fram kor viktig denne boka er. Korleis kan ein vite om personer som Aurora utan at nokon har fortalt deg, eller vist deg? Eg har eit ønske om å lære meir om kva eit liv som Auroras innebærer, og eg håper flest mogleg vil ta seg tid til å lese denne boka. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 243 sider | Forlag: Res Publica |

2 kommentarer:

  1. Så godt skrive! Og det er så fint å sjå at du ønsker å setje deg inn i forskjellige diagnosar etc i tilfelle du vil møte nokon av dei i jobben din. Det er det slett ikkje alle som tar seg tid til. Denne boka vil eg også lese.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg syns det er viktig å i alle fall vite litt om kva som rører seg der ute :-)

      Slett