Søk i denne bloggen

tirsdag 7. mars 2023

Stemmens kontinent #10 | "Svimlande nær" av Nicole Brossard

Nicole Brossard (f. 1943) er fødd i Montreal og rekner seg som lyriker. I tillegg til poesi har ho skrevet romaner, essay, artikler og for teater. Tove Bakke skriver i etterordet at grensekryssing på språkplanet går att hjå Nicole Brossard. Ho har vokst opp som fransktalande i ein engelsktalande del av ein tospråkleg by, og Bakke meiner ho leiker mykje med språket på grunn av det.

Svimlande nær er gjendikta av Tove Bakke til nynorsk, og består av nesten 80 små dikt. Dikta er til tider meget korte, gjerne ein til to linjer, og det er ukjent terreng for meg. Det satte meg faktisk såpass ut at eg ikkje oppdaga før halvveis uti boka at den er omsett til nynorsk.

Eg finner ikkje flyten i denne samlinga, og sitter dessverre igjen med svært lite. Eg er ein lesar som nok krever meir kjøtt på beinet, og setter pris på ei mursteinsbok. Det farger mitt inntrykk av denne samlinga. I tillegg har ikkje samlinga store bokstaver, og svært lite teiknsetting og for ein grammatisk nerd som meg så ødelegger det opplevinga.

Ein smakebete:

29

litteratur er ein måte å vere på
ein måte å omsetje eg er på
å røre ved stader der andre finst

XOXO

| Utgitt: 2002 | Format: Hefta, 40 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar