Søk i denne bloggen

søndag 30. april 2023

Månadsoppteljing #95 | April i bøker

April var: Påskeferie heime hjå mor og far var ein fest av seine morgoner, mykje kaffi, uendelige mengder snop og ei bok til dagen. Elles har månaden bestått av mykje godt vér, sykle-rundt-til-kyrkjegarder-sesongen har starta, opning av Sølvbergets 1. etasje etter oppussing, ein ettermiddag/kveld med Marianne i by'n for å høyre Agnes Ravatn og mange timer tilbrakt i min favorittbokhandel.

I april har eg lest: Eg veit ærleg talt ikkje kor eg skal begynne for dette er nesten litt flaut. Eg går faktisk på jobb fem dagar i veka, og det er ingen unnskyldning at påskeferien var denne månaden. Leselysta har vore på topp, og sjølv om det har vore eit par bomturer innan svensk krim er det likevel i toppsjiktet på det aller meste. Om dette er fasiten så veit eg ikkje kor talet ender til slutt.

* Mona Fossdal: Fargeglade vampyrer (papir frå hylla) OTS
* Marta Breen (red.): Så lett, så sterk, så øm. Feminisme i norsk poesi (papir frå hylla) OTS
* Olaug Nilssen (red.): Eg vil vere her. Dikt til trøyst (papir frå biblioteket)
* Eirik Bergesen: Fakta om makta - politisk quiz (papir frå biblioteket)
* Jonathan Jerv: Bergenstoget plyndret i natt! (papir frå hylla) OTS
* Perumal Murugan: Pyre (digitalt med kindle) IBP
* Marius Aronsen (red.): Påskekrim 2023 - Buss for tog til Bergen plyndret i natt! (papir frå hylla/leseeksemplar) OTS
* Kristina Ohlsson: Isbryter (Strindberg #2) (lyd frå Storytel)
* Ingrid Berglund: Den svarte svanen (Oda Krogh #1) (papir frå hylla) OTS
* Elin Hansson: Felefeber (papir frå biblioteket)
* Ninni Schulman: Velkommen hjem (Magdalena Hansson #5) (papir frå biblioteket)
* Gertrude Stein: Kva er engelsk litteratur (papir frå hylla) OTS
* Vigdis Hjorth: Er mor død (papir frå biblioteket) IBP
* Kristina Ohlsson: Skoddehav (Strindberg #3) (lyd frå Storytel)
* Camilla Läckberg: Gjøkungen (Fjällbacka #11) (papir frå biblioteket)
* Katrine Wessel-Aas: Familien Winther (Familien Winther #1) (papir frå biblioteket)
* Magnus Takvam: Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam (lyd frå Storytel)
* Katrine Wessel-Aas: Om du vil ha meg (Familien Winther #2) (papir frå biblioteket)
* Katrine Wessel-Aas: Rosehagens hemmeligheter (Familien Winther #3) (papir frå biblioteket)
* Katrine Wessel-Aas: Ellinors modige valg (Familien Winther #4) (papir frå biblioteket)
* Mariell Øyre og Borghild Fallberg (ill.): Bestefar og Miri (papir frå biblioteket)
* Han Kang: Leksjoner i gresk (papir frå hylla) OTS
* Ragnhild Holmås og Henriette T. Osnes: Ordenes hårreisende hemmeligheter (papir frå biblioteket)
* Magdalena Hai og Teemu Juhani (ill.): Den lille marerittbutikken og kile-krisen (papir frå biblioteket)
* Magdalena Hai og Teemu Juhani (ill.): Den lille marerittbutikken og den tannløse vampyren (papir frå biblioteket)
* Magdalena Hai og Teemu Juhani (ill.): Den lille marerittbutikken og den klønete snømannen (papir frå biblioteket)
* Katrine Wessel-Aas: Når alt kommer for en dag (Familien Winther #5) (papir frå biblioteket)

I april fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Katrine Wessel-Aas: Sommeren på Oaktree Manor (Familien Winther #6) (papir frå biblioteket)
* Luigi Pirandello: Ein, ingen og hundre tusen (papir frå biblioteket) 1001
* Selma Lagerlöf: Gösta Berlings saga (lyd frå Storytel) 1001

I april har eg kjøpt:

* Ingrid Berglund: En skygge på min grav (leseeksemplar mottatt frå forlaget)
* Han Kang: Leksjoner i gresk
* Anne Sverdrup-Thygeson og Nina Marie Andersen (ill.): Insektenes hemmeligheter

I mai skal eg: Det aller største er lanseringen av Lucinda Rileys siste roman om søstrene D'Apliese. Eg kjem ikkje til å forsvinne frå jordas atmosfære i fleire dagar for når eg får boka i hus blir den lest i alle døgnets ledige timer, og er nesten garantert lest ut innan søndagen. Elles skal eg til Stockholm i slutten av månaden, og det ser eg virkelig fram til. Også må me ikkje gløyme kroninga av kong Charles neste helg.

XOXO

9 kommentarer:

  1. Det er utrolig hva du har lest. Stor lesekapasitet og greier å fordøye mye:)
    Har bare lest Hjorth og Berglund av dine denne gang.
    Jeg gleder meg også til Atlas. Veldig mye:)

    Ser du leser mye Wessel-Aas, antar jeg har rett når du liker dem? Har skjønt at hun er veldig pop når det gjelder historiske romaner/feelgood, men usikker på om de er for meg..

    God søndag Elida:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg trudde ikkje Wessel-Aas var for meg heller, og har unngått dei i årevis. Nå har eg lest fem stykker i serien på eit lite nu og liker dei jamnt over. Det er ein liten del av bøkene eg hopper over og eg skummer nok litt, men det er god tidtrøyte og balanse samanlikna med mykje anna eg leser. Nr 5 er så langt den svakeste av dei eg har lest til nå, den var platt og eg såg konturene av slutten veldig tidleg. Eg kjenner ikkje områdene rundt Trondheim (eller London som me og besøker), men det er historisk interessant, og eg flirer av til dømes av at kvinner med høgare stand ikkje kunne gå ein meter utanfor heimen utan anstand. Eg ønsker å vite korleis det går til slutt for etter det eg forstår er den boka som kom i år den siste i serien. Håper det ga meining :-)

      Slett
    2. Takk for flott svar Elida. Ja, det hjelper, mulig jeg tar en titt på dem:) (når jeg får unna feelgood-bunken jeg har her...;))

      Slett
    3. Ser fram til å høyre kva du syns etterkvart :-)

      Slett
  2. Det er så deilig å ha møtt min overkvinne! Skjønner følelsen av å ikke helt forstå hvordan dette gikk til, men når en er i flowen, er det bare til å kjøre på :)
    Digger dine (i mine øyne) sære hobbyer, besøke kirkegårder og se på kongelige, og ikke minst at du leser så variert.
    Likte du Leksjoner i gresk, eller har du ikke begynt enda?

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har vore min overkvinne lenge, men eg forstår eg nå har slått deg (i alle fall denne månaden). April har vore heilt sinnssjuk, men eg ser så fram til korleis resten av året blir.

      Sære interesser gjer mennesker interessante, og eg besøker som regel bare kyrkjegarder der slekta ligger (men eg har mykje slekt) og kongelige har og slektshistorie så det kjem derifrå.

      Viss eg ikkje las variert hadde det vore keisamt for meg. "Leksjoner i gresk" har eg lest (den er begravd inni lista eit sted). Likte den greit nok, sjølv om eg ikkje heilt forstod den.

      Slett
  3. Dette var imponerende, driver å leser Takvam, sin bok nå. Håper du får en fin Mai, her snør det!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Ingun! Det har bøtta ned med regn i føremiddag, men nå ser det ut til å lette :-)

      Slett