Søk i denne bloggen

mandag 29. mai 2023

"Atlas. The Story of Pa Salt" av Lucinda Riley og Harry Whittaker

Lucinda Riley (1965-2021) var ein irsk forfatter som var kjent for serien om D'Apliese-søstrene. For to år sidan las eg den syvende boka, for så eit par veker seinare bli med to av mine venninner til Bergen. Medan me sitter på bussen kjem nyhetsmeldinga om Lucinda Rileys død. Sjokket var massivt over store deler av verda då ho nyleg hadde annonsert at det skulle kome ei åttande bok. Dagen etter nyheten var eg på Troldhaugen, og det var ei spesiell kjensle å sjå igjen Troldhaugen og kjøpe ein slik frosk som var ein stor del av Edvard Grieg. Ein frosk som eg trur Lucinda Riley hadde heime etter besøket på Troldhaugen i forbindelse med bok 2, Stormens søster

Det store spørsmålet "alle" stilte seg: "Kva ville skje med bok 8?" I kulissene hadde Lucinda Riley innvia sin eldste sønn, Harry Whittaker, i prosjektet. Han har fullført si mors prosjekt med bravur, og eg er sikker på at Lucinda Riley smiler.

Eg kjem ikkje til å skrive noko særleg om kva som skjer i boka for det er framleis mange som venter i kø på biblioteket, og som ein ivrig låner på biblioteket hadde eg blitt eitrande sint om nokon hadde avslørt handlinga for meg. Eg har høyrt lydboka, lest inn av Richard Armitage og Tuppence Middleton. Det tok meg eit par dager før eg kom inn i boka, også skaut det fart.

Eg reiste på ferie, og tenkte i utgangspunktet at eg kunne ikkje surre rundt i Stockholm med Atlas i øyrene. Så feil kan ein ta! Det er mykje å huske på, det er mange personer å halde styr på, og eg merka at så fort eg fokuserte på ein spesiell bygning, ei bok i ein bokhandel eller kom til ei gate med mykje som skjedde så kobla eg ut boka. Men det går! Nedover Drottninggatan som eg kjenner godt, midt i folkemylderet høyrte eg om Maia, Ally, Star, Cece, Tiggy, Electra, Merry, Georg, Claudia, Marina og alle historiene om korleis Pa Salt hadde blitt Pa Salt.

Tirsdag førre veke syns eg det gjekk seint. Då hadde eg lagt ut i insta-story at boka muligens vart ferdig den dagen, men dengang ei. Marianne (ebokhyllami) foreslo å skru opp hastigheten og eg la raskt vekk forslaget. Det gjekk seint fordi eg var så utolmodig etter å vite slutten for akkurat då trudde eg at eg visste slutten. Tirsdag kveld høyrte eg eit par timer til, slik at då eg kom til flyplassen onsdag ettermiddag hadde eg ein liten time igjen. Tida på Arlanda vart ikkje brukt til lydbok for der skjedde det for mykje, men på flyet til Stavanger satt eg i transe. Kvar gong flyet lagte for høge lyder, eller serveringen kom skrudde eg av for nå var eg så spent på korleis slutten var. Takk og pris for at flyet var så tomt slik at eg ikkje hadde sideperson for eg er sikker på at eg kviskra til meg sjølv fleire gonger.

Rett før me landa i Stavanger høyrte eg slutten, og visste ærleg talt ikkje kor eg skulle gjera av meg. Skulle eg jubla, skulle eg grina, skulle eg gå direkte til insta-story og si at boka er ferdig. Eg trur eg gjorde litt av alt, og insta-story fekk ein OMG-video. Lydboka på engelsk har to innlesere, og sjølv om begge var meget gode så må Richard Armitage få ein ekstra hyllest. Eg har sett Armitage i TV-serier og på film (Thorin Oakenshield i Hobbiten) og visste at mannen har ein god stemme. I denne lydboka har han overgått seg sjølv då stemma kunne både vera snill og god, og isnande kald og rasende. Magisk!

Eg har fulgt denne serien frå første bok, og det er nokon eg liker betre enn andre. Atlas. The Story of Pa Salt er ein perfekt avslutning og eg kunne ærleg talt ikkje bedd om meir. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Lydbok, 25t | Forlag: Pan MacMillan | 
Andre har anmeldt boka: Anita, Ingun, Tine 

3 kommentarer:

  1. Det er en fryd å følge med på bloggomtalene av denne boken, for alle er begeistret :) Fin personlig historie du innleder med, skjønner at det var en sterk opplevelse. Jeg likte den også godt, og er enig med alle som ikke røper for mye av boken, for her kommer noen overraskelser som er god å ha til gode.
    Ha en fin pinsedag Elida, her i Bergen regner vi vekk i dag, men Brann stadion venter i ettermiddag :)

    SvarSlett
  2. Herlig å lese om din leseopplevelse.:) Jeg likte den også veldig bra, den kunne ikke vært blitt bedre, Hørte delvis lydbok , men mest papirbok. De norske innleserne var også veldig gode.
    Nei, her må man ikke røpe noe.. Skrev tidenes korteste bloggomtale i går om boka. Ha en fin dag Elida:)
    Her i midten er det møkkavær , regn, vind, surt- har vart en stund og det skal det fortsatt gjøre. Glad jeg reiser til Rhodos med en bunke bøker onsdag;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for link:) Legger inn din, synes den var kos å lese:)

      Slett