Søk i denne bloggen

lørdag 25. november 2023

Stemmens kontinent #18 | "Aleine med dagane" av Fadwa Tuqán

Fadwa Tuqán (1917-2003) var ein palestinsk poet kjent for sine representasjoner av motstand mot israelsk okkupasjon i moderne arabisk poesi. Ein kan jo undre seg kva ho hadde tenkt om konflikten som pågår nå, 20 år etter hennar død.

Aleine med dagane er gjendikta til nynorsk av Odveig Klyve, og består av 18 dikt frå 7 ulike diktsamlingar publisert mellom 1952 og 2000. Etterordet beskriver Tuqán som ei modig kvinne, og som ugift kvinne skriver meget fritt om kjærleik.


Eit par smakebeter:

Vers for kjærleiken

Den tiårige jenta
kviskra:
Ta meg inntil deg.
Vær ein far for meg,
vær ei mor,
vær familien min!
Eg er aleine.
Eg er ingen.
Eg er ein skugge.
Eg bur i eit tomt hus
der kjærleiken er forsteina
der kjenslene er kalde.

Nok for meg

Det er nok for meg å døy på hennar jord,
og gravleggjast i henne,
nok til å bli oppløyst og borte i denne molda,
springa ut som ein blom,
og bli funnen av eit leikande barn.
Nok for meg å bli verande
i famnen til dette landet.
Å vera nær som ei handfull støv,
ein grastust,
ein blom.

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 78 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar