Søk i denne bloggen

tirsdag 30. april 2024

Månadsoppteljing #107 | April i bøker

April var: Iskald! Eg tåler lite vind for eg blir så stiv i marg og bein (og spesielt i fingrane) og denne våren har så langt vore utfordrande for stive fingrer og vonde hender. 

Alexander L. Kielland er 175 år i år, og Sølvberget feirer heile året. Eg har vore på klassikerlørdag med Alexander L. Kiellands tippoldebarn, Tatjana Kielland Samoilow. Ho snakka om geografi i Kiellands bøker. Sist helg var eg i by'n på salgsutstilling av og med illustratør Lisa Aisato. Det vart meget hyggeleg då eg for det første anbefalte ei av Aisatos bøker til min nye venninne i køen (eg snakker med folk i kø og overalt), for så å finne ut at Lisa Aisato visste kven eg var. Eg hadde kvelden før funne ut at det er 10 år sidan eg traff Lisa Aisato på bokbloggerprisutdeling i Oslo, men i løpet av ti år har eg blogga og instagramma (og har eit namn ikkje mange har) som gjorde at då eg sa namnet mitt i signeringskø så visste ho det frå før.

I april har eg lest: Eg leser Middlemarch for tida, og den tar opp ganske mykje tid og energi. Leselista for april ser dermed slik ut, men satser på å vera tilbake i normalt gjenge i mai.

* Cathrine Sandmæl: Jenter (papir frå biblioteket)
* Henrik Ibsen: Kongs-emnerne (papir frå hylla) OTS
* Kiran Desai: Tapets barn (papir frå biblioteket) 1001
* Alexander Kielland Krag: Aldri bedre (papir frå biblioteket)
* Tore Renberg: Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Teaterstykke 2 (papir frå biblioteket)
* Arne Garborg: Småstubber | Bondestudentar (papir frå biblioteket)
* Karoline Brændjord: Jeg vil våkne til verden (papir frå biblioteket)

I april fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* George Eliot: Middlemarch (papir frå hylla) 1001 OTS
* Anne Rice: Interview with the Vampire (papir frå hylla) 1001 OTS
* John le Carré: Spionen som kom inn fra kulden (George Smiley #3) (lyd frå Nextory)
* Hwang Sok-Yong: Mater 2-10 (digitalt med kindle) IBP

I april har eg kjøpt:

* Henrik Ibsen: Kongs-emnerne

I mai skal eg: Klassikerlørdag med Middlemarch som tema. Professor og forfatter Janne Stigen Drangsholt og Sølvberget-bibliotekar Tomas Gustafsson skal snakke om romanen. Helga etter skal eg ein liten tur til Oslo og blant anna sjå Sound of Music på Folketeateret.

XOXO

1 kommentar:

  1. Jeg tåler heller ikke vind og kulde, da får jeg vondt i kroppen og får stive fingre. (artrose).
    Men i dag var det deilig med 20 grader og sol her:)

    Har bare lest Brændjords bok av dine leste denne gang, men har også lest Rice og Carre.

    Ønsker deg en fin mai Elida:) Satser på mye varme fremover:)

    SvarSlett