Søk i denne bloggen

lørdag 31. mai 2025

Månadsoppteljing #120 | Mai i bøker

Mai var: Mai er den kjekkaste månaden for den som er glad i nasjonaldagen. Ungane er drilla i marsjering, tog-gåing og kvifor me feirer nasjonaldagen. Veret har spelt på lag så når det vart jærvind igjen så kunne ingen forstå at me måtte tilbake til dress og utebukser. I tillegg har eg hatt ei veke ferie med innlagte avtaler, og plutseleg er det juni i morgon.

I mai har eg lest:

* Vincenzo Lattronico: Perfection (digitalt med kindle) IBP
* Niels Fredrik Dahl: I fjor sommer (papir frå biblioteket)
* Johan Harstad: Under brosteinen, stranden! (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Henrik og Emilie (papir frå biblioteket)
* Jeanette Semb: Strandhotellet (Skjærgårdsliv, #1) (papir frå biblioteket)
* Jeanette Semb: Kvinnen i vinduet (Skjærgårdsliv, #2) (papir frå biblioteket)
* Mone Celin Skrede: Mi høgre hand - Mot ein identitet som funksjonshemma (papir frå biblioteket)
* Ray Bradbury: Fahrenheit 451 (papir frå biblioteket)
* Jens Kihl: Blakk (papir frå biblioteket)
* Karl Ove Knausgård: Min kamp 1 (lyd frå Nextory)
* Alexander Kielland Krag: Ikke se nå (papir frå biblioteket)
* Stine Hanssen Brattland: Innanfor. Utanfor. Men alltid autist (papir frå biblioteket)

I mai fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Thomas Hardy: Desperate Remedies (digitalt med kindle)

I mai har eg kjøpt: 

* Tove Ditlevsen: Ansiktene
* Tove Ditlevsen: To som elsker hinannen

I juni skal eg: Ingenting planlagt.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Hei Elida! Mai gikk kjempefort. Var i Lofoten 17.mai, sol, med boblekåpe og lue:) Har kun lest Min Kamp av dine denne gang, men har lagt merke til flere av dem i anmeldelser og nyheter. Kielland Krag, Kihl, Dahl, Harstad, Semb, Bratland. Hvordan likte du dem?

    Ønsker deg en fin juni:) Sommer jippi:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kielland Krag var ikkje for meg. Forfattaren har betre bøker. Norsk røyndom-serien er noko av det beste Samlaget har kome opp med og anbefaler alle. Niels Fredrik Dahl er alltid bra, og eg har lest fleire av hans bøker. Johan Harstad bør ha betre bøker for denne var laaang og keisam. Jeanette Semb er mitt første forsøk på serielitteratur på to år og eg mista hjerneceller på vegen.

      God juni!

      Slett