- Klassiker: The Tenant of Wildfell Hall går tregt, men kjapt. Når eg leser, går det ganske kjapt, men i motsetning til den andre engelskspråklege boka eg les, går det uendelig tregt. Språket er litt gammeldags, men kapitlene er av grei størrelse. Sidan eg har sett filmatiseringa så veit eg nokonlunde korleis handlinga er, men det er likevel ein del ting som ikkje er med i filmen.
- Serie 1: Eg har høyrt ferdig Harry Potter-serien. Det var eit av mine delmål for januar, og klarte det med eit par dagers margin. Nå skal eg bruke all mi tid på å overbevisa andre som vil høyra Harry Potter om at dei må høyre på engelsk. Det var ikkje få gonger eg måtte minna meg sjølv på at det var ein person som prata for alle rollene, og ikkje skodespelarane i filmane som prata si rolle.
- Serie 2: Eg har ikkje for mykje å sei om Philip Pullmans andre bok i serien His Dark Materials. Eg forstår ikkje bøkene, og noko ein anna blogger skreiv her om dagen fekk meg til å tenka. Bloggeren skreiv at serien var litt barnslig. Og det kan vera sant, for eg får ikkje troverdighet utav to 12-åringer som skal redda verden!
- Serie 3: Percy Jackson-serien til Rick Riordan har tatt seg opp. Eg likte den første boka, mislikte den andre, og var heilt der i den tredje. Nå kjem den fjerde på norsk i desse dager, og sidan eg allereie leser fleire bøker på engelsk, så velge eg norsk tekst. Men ein skal aldri sei aldri, den femte boka har ikkje kome på norsk ennå, men den er tilgjengelig på engelsk;)
- Eg har delte meiningar om Arto Paasilinna-bøkene. Eg likte godt Harens år (og det har eg inntrykk av at fleire bloggere og gjer), men den siste eg høyrte, Prosten og hans forunderlige tjener, likte eg ikkje noko særleg. I slutten av mars kjem det ei ny på norsk!
- Nicholas Sparks er ein av mine yndlingsforfattere, mest pga dei flotte filmane som fleire av bøkene hans har blitt til. The Rescue var ei nydelig bok om å la kjærleiken seire etter at du har gitt opp, og kor langt ein er villig til å gå for å få tilbake det kjæraste ein eiger. Bøkene hans står i bokhylla, og venter spent på å bli lest.
- Novelleutfordringa: Eg har lest meir eller mindre 10 noveller. Noko eg må læra meg den neste månaden, er at eg treng ikkje lesa alle novellene i ei og same samling.
- I januar månad har eg lest bøker av forfattere frå Finland (Arto Paasilinna), Storbritannia (J.K. Rowling, Philip Pullman), USA (Nicholas Sparks, Rick Riordan), men kun norske novelleforfattere.
- Mål for neste månad: Eg har skreve ned krim som eit delmål, og er allereie godt i gang med Jo Nesbøs femte bok om Harry Hole. Krimbøkene står lina opp i hylla av forfattere som Johan Theorin, Eirik Wekre, Kjetil Try og Jo Nesbø. Eg vil fortsetja med klassikeren min (håpet lever om at eg les den ferdig i løpet av februar) og fortsetjer og med Alyson Noëls Evermore. Eg liker den veldig godt, og med tanke på at ikkje klarte å legge den frå meg i går kveld (måtte til slutt etter 10 leste kapitler for eg måtte ha søvn før jobb) så går det bra.
Til slutt må eg sei takk til bloggeren (husker ikkje kven det var akkurat nå) som ga meg tipset om ikkje å legge frå meg boka midt i kapitlet:)
XOXO
PS. Bildet er frå Bookshelfporn.com DS.
Jeg har lyst til å lese Nicholas Sparks etter hvert. Og jeg gleder meg til anmeldelsen din av The Tenant of Wildfell Hall. Den står på leselisten min :)
SvarSlettDu må definivt lese bøkene hans, anbefaler sterkt "The Notebook", "Message in a Bottle" og "Dear John".
SvarSlettVeit ikke om jeg enig i at "His Dark Materials" er barnslig. Skjønner forsåvidt hva du mener, men jeg synes at Pullmann formidler mye bra. Og jeg synes også at han har lykkes veldig godt med å skrive et slags "anti-Narnia".
SvarSlettvenstregaerning: Interessant kommentar. Har ikkje høyrt det om anti-Narnia, men det kan forsåvidt stemme:)
SvarSlettHei på deg, og tusen takk for koselig kommentar hos meg i dag :) Jeg har veldig lyst til å lese Alison Noëls bok, men er litt av en pyse når det gjelder spøkelser, så jeg tror jeg må vente til våren og lysere tider, he he :) Klem fra Anette :)
SvarSlettAnette: Det er heilt trygt å begynne, ikkje så skummel:)
SvarSlettPullmann har kommet med sterk kritikk mot Narnia-bøkene fordi han mener at de er religiøs propaganda. Det er vel noe av grunnen til at mye av tematikken i "His Dark Materials" er religionskritisk.
SvarSlettWikipedia skriver følgende: "Pullman has criticized the Narnia books as religious propaganda. Both Pullman's and Lewis's books contain religious allegory that features talking animals, parallel worlds, and children who face adult moral choices that determine the ultimate fate of those worlds."