Søk i denne bloggen

lørdag 30. april 2011

April - oppteljing

Eg har lest 15 bøker i mars månad. 5 av dei var lydbøker, og det var herlig å høyre lydbøker igjen. Eg er veldig fornøgd med denne månaden for det er lenge sidan eg har lest så mange bøker på fire veker.

- Klassiker: Jane Austen er ein forfatter eg skreiv opp i litteraturmåla, og første bok er lest.

- Serie: Då eg hadde lest fjerde bok i Percy Jackson-serien skreiv eg at femte og siste bok sannsynligvis vart lest på engelsk. Som sagt så gjort, femte bok vart lånt fort og gale, og lest i like stor fart.

- Daphne du Mauriers berømte bok Rebecca var ein overraskelse, og syns den minte meg om Jane Eyre, men boka var bra den. Takk igjen til Rose-Marie som tipsa meg om at boka var utgitt som lydbok.

- Mi niande Paasilinna-bok En lykkelig mann er eg godt fornøgd med, og min omtale førte til omtale på Lydbokforlagets Facebookside.

- Påska vart brukt på krimbøker av Jo Nesbø og Agatha Christie. Eg er godt fornøgd med begge Christie-bøkene, men den eine Nesbø-boka kunne eg like godt vore foruten.

- Merice Briffa har skreve ein nydelig trilogi om 1800-talets England og Australia, og i går kveld leste eg ferdig tredje og siste bok. Forfatteren er ikkje så kjent i Noreg, men med mine blogginnlegg håper eg at fleire får augene opp for denne forfatteren.

- Water for Elephants og Hannahs håp var greie bøker, og eg kom meg til og med på kino i påska og såg filmatiseringa av WfE. Glass og aske, Señor Peregrino, Michael K og En nåde var heller mislykka, men kan ikkje koma utanom bøker ein ikkje faller for.

- I april månad har eg lest bøker av forfattere frå Storbritannia (Daphne du Maurier, Jane Austen, Agatha Christie), USA (Toni Morrison, Rick Riordan, Karen Kingsbury), Sverige (Ann Syréhn Tomasevic), Cuba (Cecilia Samartin), Sør-Afrika (J.M. Coetzee), Finland (Arto Paasilinna), Noreg (Jo Nesbø), Canada (Sara Gruen) og Australia (Merice Briffa).

- Forrige månads mål: Bibliotekbøkene vart enten lest eller levert, det husker eg ikkje heilt. Påskekrim vart det, og eg leste to Agatha Christie-bøker.

- Mål for neste månad: Eg skal prøve så godt eg kan å kun lese bøker frå mi eiga bokhylle. Eg har merka bøkene som er frå mi hylle med feit skrift på boklista, og ser at det er ein del bøker frå mi hylle i april. I mai er målet at alle bøkene er med feit skrift. I tillegg har eg heve meg på samlesning av Miguel de Cervantes bok Don Quijote, og eg er spent på kor lenge eg held ut.

XOXO

2 kommentarer:

  1. 15 bøker er sykt! På en god måte...

    Jeg håper på å klare å lese like mye i sommer, men det kommer ikke til å gå før den tid. I mai er jeg nok heldig hvis jeg klarer å lese fem bøker, men forhåpentligvis blir det mer.

    Du imponerer!

    SvarSlett
  2. Bare på én måned har du lest mer enn det jeg har klart hittil i år, så jeg er ikke mindre imponert enn labben:-) Jeg har begynt på Don Quijote to ganger uten å komme lenger enn til side 200. Nå har jeg kapitulert og kjøpt den som lydbok istedet.

    SvarSlett