Søk i denne bloggen

søndag 26. juni 2011

Bok: "Mr. Harrison's Confessions"

Forfatter: Elizabeth Cleghorn Gaskell
Utgitt: 1851
Format: Kindle
Forlag: ReadHowYouWant

Strengt tatt er vel dette ei novelle, men den er relativt lang (29 000 ord ifølge Wikipedia). Den unge legen Mr Harrison fortel om si første tid i Cranford, og om kurtiseringa til prestens datter, unge Sophy Hutton. Historien er romantisk; eg drar på smilebåndet fleire gonger og eg syns synd på Mr Harrison til tider. Han vil alle så vel, men samtidig så vil han bare vera med frøken Hutton.

Denne novella er fletta inn i tv-serien frå 2007 på ein elegant måte, og etter at eg har lest denne så kjenne eg at dei har fått med det meste i serien. Eg er godt fornøgd med denne historien, og gleder meg til fleire stunder med Elizabeth Gaskell's historier.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar