Søk i denne bloggen

søndag 2. oktober 2011

Septemberstatistikk

Viss august gjekk fort, så har om mogleg september gått enda fortere. Men bøker blir lest, og det er kjekt.

Bøkene
12 bøker i september, litt mindre enn sist månad, men godt fornøgd.

- Marina Fiorato: Glassblåseren fra Murano
- Lewis Carroll: Alice i Eventyrland - lydbok
- Lewis Carroll: Gjennom speilet
- Terry Pratchett: Magiens farge
- Knut Hamsun: Sult
- Julian Barnes: The Sense of an Ending - kindle
- Miguel de Cervantes Saavedra: Den skarpsindige lavadelsmann Don Quijote av la Mancha
- Carol Birch: Jamrach's Menagerie - kindle
- Terry Pratchett: Det fantastiske lyset
- Katherine Webb: Arven
- A.D. Miller: Snowdrops - kindle
- Yann Martel: Historien om Pi - lydbok

Kjønn
3 kvinner og 7 menn, kun tilfeldigheter.

Land
- Storbritannia: Julian Barnes, Lewis Carroll, Marina Fiorato, A.D. Miller, Terry Pratchett, Katherine Webb
- Canada: Yann Martel
- Noreg: Knut Hamsun
- Spania: Miguel de Cervantes Saavedra

Kva eg ikkje har lest?
Det har blitt lite Terry Pratchett, men eg har tre bøker liggjande på vent (så lenge biblioteket ikkje vil ha dei tilbake asap!).

Mål for september
Lesesirkelboka til Knut Hamsun var ein suksess lesemessig, trur eg brukte 10 dager på den. Den blir kanskje ikkje mitt inntog til fleire Hamsun-bøker, men eg har hvertfall lest den eine av bøkene hans.

Mål for oktober
Lesesirkelboka er Alexandre Dumas' Greven av Monte Cristo. Elles leser eg og eit par andre Booker-bøker; held på med den fjerde nominerte og skal lese to til før 16. oktober. Og sjølvsagt midt oppi det heile har eg fått totalt sansen for George R.R. Martins A Game of Thrones, og håper den blir lest i løpet av oktober.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar