Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 2. januar 2012

Bok: "Stevnemøte med døden" (HP #19)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Appointment with Death
Utgitt: 1938
Min utgåve: 2010
Oversetter: Liv Malling
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (1. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Blant de røde klippene i Petra sitter fru Boynton som en grotesk, oppsvulmet Buddha - livløs. Et nesten usynlig stikk i håndleddet er det eneste sporet etter den dødelige sprøyten som har tatt livet av henne. Med bare 24 timer til å kunne løse mysteriet husker Hercule Poirot en tilfeldig bemerkning han overhørte i Jerusalem: "Men du må skjønner da vel at hun må drepes?" Og fru Boynton var virkelig det mest avskyelige kvinnemennesket han noensinne hadde truffet ...

Fru Boynton har tre stebarn, Lennox, Raymond og Carol; ei dotter, Ginevra; og ei svigerdotter, Nadine (gift med Lennox). Dette selskapet er på reise og har ankommet Jerusalem. Her har og Lady Westholme, Miss Pierce, Sarah King, Jeffrey Cope og vår eminente detektiv, Hercule Poirot, lagt sin feriereise til. Poirot overhøyrer ein samtale og ein setning biter han seg merke i: "Men du skjønner vel at hun må drepes?" Han er fast bestemt på å kjenne igjen stemmen om det skulle bli nødvendig. Eit par dagar seinare er heile selskapet på veg til Petra, og ender opp i same leir.

Fru Boynton er ein tyrann, og barna forakter henne. Den einaste som er villig til å bryte ut er svigerdottera, men ho vil ikkje forlate mannen sin. Sarah King har kome innpå både Raymond og Carol ved ulike anledninger, men som alle andre er ho og blitt skremt av fru Boynton. Carol fortel til Sarah at stemora har vore fengselsvokter i si tid, og ho styrer familien og pengane med jernhånd. Dei har aldri vore utanlands før, har ikkje lært seg noko yrke og har ingen mulighet til å legga seg opp penger sjølv og dra sin veg.

Ein dag får barna plutselig lov til å gå tur aleine, då det er svært varmt, og fru Boynton foretrekker å sitte i sola aleine. Dei stusser på kvifor, men som alltid har Poirot svar på det i sine slutninger. Då barna kjem tilbake går dei kvar til sitt etter eit par ord med mora, men då middagen blir annonsert er fru Boynton død. Alle fire barna har motiv, men har dei mot til å gjera det av med henne?

Stevnemøte med døden er skrevet på bakgrunn av forfatterens reiser til Midt-Austen med ektemannen, arkeologen Sir Max Mallowan. Den vart gitt ut i 1938, og er godt likt kritikkmessig. Eg har sett filmatiseringa, men stussa over om eg blanda saman to bøker. Det viser seg at det har eg ikkje gjort, for det er gjort diverse endringer med karakterer, handling og mordmotiv i filmatiseringa. Boka er drivande skrevet, og eg syns Hercule Poirot gjer ein god figur i denne. Det handler ikkje mykje om han, og Boynton-familien får vera i rampelyset. Boka inneheld og ein epilog, og den likte eg godt, for fleire gonger så blir bøker avslutta og ein sit og lurar på om det gjekk greit med karakterene til slutt. Bra bok!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Jeg liker Agatha Christie og alle bøkene hennes. Hun har en fantastisk måte å skrive krimdrama på som bare passer meg helt utmerket! :-)

    SvarSlett
  2. Dette var den aller første Christie-romanen jeg leste, og den er fortsatt blant favorittene mine. Utrolig bra plott, perfekt setting og fine karakterer.

    Jeg så filmatiseringen for et år siden og ble helt tatt på sengen av endringene de hadde gjort. Jeg skjønner ikke hvorfor de ikke brukte bokens slutt, den er jo så utrolig utspekulert!

    SvarSlett
  3. @astridterese: Eg begynner å like det meir og meir.
    @Line: Då eg leste boka lurte eg på om eg blanda to bøker, men så viser det seg at det har eg ikkje gjort. Det er ei stund sidan eg såg filmatiseringa, men den er ihvertfall ikkje slik som i boka. Merkelig at dei har forandra så mykje når plottet igrunnen er bra.

    SvarSlett