Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 6. oktober 2012

Bok: "De ubudne gjestene"

Kilde: bokelskere.no
Forfatter: Sadie Jones
Originaltittel: The Uninvited Guests
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2012
Oversetter: Vibeke Saugestad
Format: Innbundet
Forlag: Gyldendal
Frå: Biblioteket

For godt to år sidan leste eg to bøker av Sadie Jones, og vart ikkje overmåte begeistra for den britiske forfattaren. Temaene som vart tatt opp i Utskudd og Små kriger interesserte meg ikkje, og lydbok var kanskje ikkje det rette for dei bøkene. Då De ubudne gjestene dukka opp på biblioteket si liste over nyinnkjøpte bøker måtte eg gjera eit nytt forsøk på Sadie Jones.

Det er våren 1912 og på herregården Sterne er førebuingane til Emerald Torringtons 20-årsdag i full gang. Foruten jubilanten sjølv bur hennar bror, Clovis, litlesyster, Imogen, mor, Charlotte, og stefaren, Edward Swift, på herregården. Emeralds far er død, og istaden for å flytte familien til sin heim, flytta Edward Swift inn på Sterne då han gifta seg med Charlotte. Swift er ikkje likt av barna, og då han reiser til London før selskapet blir ikkje barna så veldig lei seg. Emerald har invitert ei barndomsvenninne til selskapet, Patience, og hennar mor, og blir svært overraska då broren til venninna, Ernest, dukker opp istaden for mora. Ein nabo blir og i hui og hast invitert til selskapet. Nokre få kilometer unna kolliderer eit tog, og Sterne blir bedt om å huse skipbrudne passasjerer. Som sagt så gjort, men det er ikkje så enkelt å ha ubudne gjester når ein skal feire 20-årsdag. Ein av dei ubudne gjestene, ein nobel herremann, blir invitert til å delta i selskapet, men han har ikkje heilt hederlige hensikter. Ganske snart blir selskapet kasta ut i eit spel om tro og ære, og ingenting går etter planen. Kan familien Torringtons rykte reddas frå spelet, og herregården frå konkurs?

De ubudne gjestene er først og fremst komisk. Clovis Torrington er ein 19-årig gutt som sakner faren veldig, og ønsker Edward Swift der pepperen gror. Han gjer ingenting uten at det gagner han sjølv, men å sjå han føre seg til knes i gjørme er festlig. Andre komiske figurer er Imogen, populært kalt Smudge. Ho blir tidvis ignorert både av si mor og søsknene, og kan dermed gjer som ho vil. I løpet av boka tar ho med seg ein hest opp på soveværelset, men det byr på problemer då hesten skal ned igjen.

Emerald er den eg liker best. Ho er ikkje redd for å ta i eit tak, ho vil at alle skal vera venner og vel forlikte, og får seg eit sjokk då venninnas bror ankommer selskapet. Emerald er på ingen måter lik mora, Charlotte, som helst vil gøyme seg vekk når problemer oppstår.

I ein artikkel i Wall Street Journal blir De ubudne gjestene samanlikna med Downton Abbey:
British novelist Sadie Jones has no trouble sustaining her readers' interest. "The Uninvited Guests" (Harper, 262 pages, $24.99) is a delicious riff on a medley of plot-heavy genre forms, including the cozy mystery, the Victorian ghost story and the Edwardian country-manor romance (comparisons with "Downton Abbey" will be both inevitable and fair). Sometime before World War I, the Torrington family is preparing to celebrate the 20th birthday of chilly eldest daughter Emerald. But on that "fraught and calamitous evening" a nearby train accident forces them to shelter a mass of befuddled third-class passengers and one unnerving man from first class who seems to share a history with the imperious Torrington matriarch, Charlotte.
Eg er ikkje einig med WSJ då eg syns Downton Abbey har meir klasse og eleganse enn karakterene på herregården Sterne. Utan at eg kan sette fingeren direkte på det liker eg ikkje boka nok til at den blir lest igjen. Ein viktig detalj er kapittelinndelinga. Dei var altfor lange for mitt ve og vel, og oversetteren har ikkje gjort jobben sin i forhold til teiknsetting. Bare første avsnitt var nok til at eg ønskte meg fleire punktum. Etter denne boka er eg meir positiv til Sadie Jones.

Eg anbefaler boka, men vær obs på lange kapittel og intrikate setninger (som kanskje må lesas meir enn ein gong).

XOXO

3 kommentarer:

  1. Hm, nå vet jeg ikke helt hva jeg skal synes? Eller om boken skal leses. Jeg likte "Utskudd" veldig godt og til dels "Små kriger". Vil du si at denne boken er typisk for Sadie Jones?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg likte ikkje så godt dei føregåande, men denne var meir i mi gate bortsett frå dei tinga eg har nemnt:-) Eg veit ikkje kva som er typisk Sadie Jones, du får lese boka og bedømme sjølv.

      Slett
  2. Hmmm... Jeg skal igang med denne nå... Vet ikke om jeg er mest betenkt eller spent, men en fordel er det vel kanskje at Downton Abbey er helt upløyd mark for min del, så slipper jeg i det minste den sammenligninga! Vi får sjå; starter nå!!

    SvarSlett