Søk i denne bloggen

søndag 28. oktober 2012

Bok: "The Forsyte Saga"

Forfatter: John Galsworthy
Utgitt: 1906-1921
Min utgåve: Den engelske til venstre er utgitt i 2011, og dei norske lenger nede er utgitt på 60-talet
Format: Innbundet og paperback
Forlag: Benediction Classics/Gyldendal
Frå: Mi bokhylle
Anna: Forfatteren er vinner av Nobels litteraturpris 1932. Lest i forbindelse med Lines lesesirkel.

I 2002 kom det ein tv-serie basert på John Galsworthys saga om Forsyte-familien. Eg vart umiddelbart forelska, og serien er ein stor årsak til at eg idag elsker bøker og serier som omhandler familiehistorie. Liknande titler er Buddenbrooks (Thomas Mann) og Krøniken (DR). Eg starta faktisk på denne boka allereie i januar, men det gjekk relativt tregt fram til august då eg snubla over dei norske utgivelsane i ein bruktbutikk.

Boka handler om den rike familien Forsyte på slutten av Victoria-tida. Soames Forsyte (som har fått økenamnet 'Den rike mann') er gift med den vakre Irene Heron, men heile familien veit at ekteskapet er mislukka. Soames' far er ein av 10 søsken, og disse søsknene veit det meste om det som foregår i familien. Då me først treffer familien Forsyte feirer dei forlovelsen til unge Jolyons datter, June. Ho har budd i fleire år hjå bestefaren, gamle Jolyon, og har kun sporadisk kontakt med faren. June har eit godt forhold til Irene, men då det viser seg at Irene har eit forhold til Junes forlovede, går både forlovelsen og vennskapet over styr. Imens er gamle Jolyon lei seg over at June forlater redet, og gjer sitt beste for å bygge bro mellom seg og sonen, unge Jolyon. Han er gift for andre gong med Junes barnepike, og har to barn. Soames er fullt klar over at Irene misliker ham, men det betyr kun at han prøver enda hardere for å få henne til å bli hans. Forloveden til June er arkitekt, og han teikner nytt hus til paret på Robin Hill. Etter avsløringen om forholdet blir huset solgt, og gamle Jolyon er kjøperen. Sommeren før gamle Jolyon døyr, gror vennskapet mellom unge Jolyon og Irene, som etter ein krangel med James (Soames' far) ikkje er heilt venner med søsknene.


Etter gamle Jolyons død, flytter Irene til Paris, og då Soames finner ut overvåker han henne. Då Jolyon og Irene finner ut om overvakinga ser dei ingen årsak til å ikkje tilbringe tid saman. Det gir Soames grunnlag for skilsmisse og etter femten år blir Soames og Irene skilt. Kort tid etter gifter Irene seg med Jolyon, og dei får ein son. I mellomtida kurtiserer Soames unge, vakre og franske Annette, dei blir gift og får ei dotter. Fleire år går hastig forbi, og i den siste boka eg har lest, To Let, skriver me 1920, og Fleur (Soames' datter) og Jon (Jolyons son) har rukket å bli 19 år. I eit kunstgalleri treffes Jon og Fleur, og romantikken stiger. Dei veit lite og ingenting om den gamle familiehistorien, og treffes fleire gonger utan at nokon veit om det. Etterkvart får dei vite historien om Soames og Irene, og innser at dei er ikkje skapt for kvarandre. I slutten blir Fleur gift, og Jon reiser til Amerika.


 Dette er kun ein liten del av historien. Bare i dei tre bøkene er det utallige andre karakterer som fortener ein stemme, men ikkje her og nå. Soames er ein ufordragelig karakter som er opptatt av å eige, både hustruer og malerier. Eg liker veldig godt Jolyon, og gler meg kvar gong han er nemnt. Eg har 7 bøker til i den norske Gyldendal-serien, og skal finna tid til dei neste år.

Eg hadde ingen problem med å komme inn i boka, og syns det var grei lesing. Det gjekk relativt fort då eg først kom i gang, og den tredje boka (som vist overfor) leste eg på eit par dager. Eg anbefaler sagaen varmt!

XOXO

8 kommentarer:

  1. Fin omtale! Dere er flinke dere som er med på 1001-lesesirkelen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Eg liker klassikere betre og betre, og lesesirkelen er ein anledning til å bli kjent med forfattere ein kanskje ikkje hadde blitt kjent med elles:-)

      Slett
  2. God omtale av Forsytesagaen!
    Jeg har ikke lest ferdig hele serien, og holder fremdeles på med The Man of Property - men har likevel fått skrevet litt om den i dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har sett omtalen din, og skal lese den grundig i morgen:-) Tusen takk for ros!

      Slett
  3. Jeg kjøpte de samme utgavene som deg på en bruktbutikk i høstferien. Nå gleder jeg meg til å lese dem :-) Flott og grundig omtale, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Gler meg til å høyre kva du syns:-)

      Slett
  4. Godt skrevet, Elida! Nå fikk jeg lyst til både å begynne på sagaen OG lese ferdig Buddenbrooks, og er lei meg for at jeg ikke fikk tid til å lese litt av sagaen engang. Den høres ut som min type bok! Lanterne-utgaven var veldig fin, mye finere enn mine innbundne Forsyte-bøker. Sikkert mye billigere, også:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Liker å inspirere:-) Det står 12,50 utanpå utgavene, men eg hadde dei i ein pose til 100 kr og det var 25 bøker i den posen så de vart ganske billige:-)

      Slett