Søk i denne bloggen

mandag 5. november 2012

Veke 44

Lesinga går tregt, men eg leser. Dei siste vekene har eg lest ein del Karsten og Petra for 3- og 4-åringane mine på jobb, og fekk spørsmål om korleis eg opprettholde roen og motivasjonen i ungane gjennom heile boka. Eg har funne eit par triks: Velg ei bok som dei kan relatere til, til dømes noko dei har snakka om, tur me har vore på og diverse. Les den mange gonger, repetisjon fungerer alltid og til slutt kan både du og ungane fortelje historia utan boka. Sist, men ikkje minst, kutt teksten viss ungane blir urolige. Kan du boka på rams fortell gjennom bileta. Har du nokon triks?

Til informasjon så er det Karsten hjelper pappa, Karsten og Petra på brannstasjonen, Karsten har bursdag og Karsten og Petra er bestevenner me har lest.

Ha ei fin veke!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Åhh.. DEt hørtes koslig ut :D

    Eg gleder meg til og ha mine egne og lese for :P
    Husker da eg va liten tvang eg lille broren min til og høre på meg når eg leste høgt for han hehe xD

    SvarSlett
  2. Me les for barnehageungar på biblioteket. Fyrst høgt samla og så ein og ein etterpå, for dei som vil - med bøker dei vel sjølv. Då hender det at eg blir litt frustrert over kor kort tid det tek før konsentrasjonen vandrar og dei går sin veg... eg vil stort sett gjere som du og fortelje gjennom bileta, kanskje stille dei spørsmål, men ofte seier dei då (spesielt dei største): LES! Sjølv om det er ei Gråtass-bok som har altfor mykje tekst til ei slik personleg stund.

    SvarSlett
  3. Åh! Nostalgianfall. Jeg elsket Karsten og Petra når jeg var yngre. Så fint å se at de lever i beste velgående.

    SvarSlett