Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 22. februar 2013

Bok: "Bleak House"

Bleak House

Forfatter: Charles Dickens
Utgitt: 1853
Min utgåve: 2012
Oversetter: Ragnhild Eikli
Format: Innbundet, 1071 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringer: 1001 bøker, off-the-shelf, Charles Dickens-forfattermål

Charles Dickens' Bleak House vart gitt ut som føljetong i 1852-53, før den vart publisert i sin heilhet i 1853. Den norske utgåva frå 2012 er oversatt i forbindelse med Dickens 200-årsdag, og Ragnhild Eikli har gjort ei fenomenal jobb med oversettinga. Den engelske utgåva flytta inn i bokhylla mi for eit godt år sidan, men eg har valgt å lese den på norsk. Likevel tok det såpass lang tid at tidlegare i veka tvangsleste eg ferdig dei siste 300 sidene. Eg har surra med denne historien sidan slutten av november, og det er kanskje andre som er innom biblioteket som og har lyst til å lese den.

Bleak HouseHistorien i seg sjølv er kjent for meg, då eg har sett filmatiseringa frå 2005. Bleak House handler i grove trekk om ein rettssak, Jarndyce vs Jarndyce, men etterkvart er det ingen som veit heilt kva saken gjelder, og den drukner nesten i rettspapirer. Eit par unge mennesker, Ada Clare og Richard Carstone, er vitne til at arven deira blir oppspist av offentlege kostnader. Medan dette pågår får Ada ei ny selskapsdame i Esther Summerson. Esther har sjølv ei mystisk fortid; ho har nemleg aldri visst kven foreldra hennar er. Dei tre unge flytter inn til John Jarndyce. Han har vore vergen til Esther i mange år utan at ho har visst om det, og har meldt seg på ein måte heilt ut av rettssaken. Livet til våre hovudpersoner går sin vante gang med besøk, reiser og konversasjon. Den skremmande advokaten Tulkinghorn, politimannen Mr Bucket og gategutten Jo er mennesker som gjer livet meir interessant.

Det hadde ikkje vore Dickens om det ikkje var skildringar av mennesker frå ulike samfunnslag. Sir og Lady Dedlock er i det øverste sjiktet, men dei er ikkje nødvendigvis fri for mysterier og tvil. Lady Dedlock har ein hemmelighet som ho helst ser ikkje kjem utfor husets fire vegger, men blodhunden Mr Bucket lar ingen stein ligge når det gjelder å finne løysingar. Den personen eg liker best i denne hushaldninga er husholdersken, Mrs Rouncewell. Ho er eit sympatisk menneske som ikkje lar nokon snakke stygt om sin arbeidsgiver. Ho har to sønner, men den eine har ho ikkje sett sidan han stakk av for å kjempe i krigen, og hennar høgaste ønske er å sjå han igjen.

Det er mykje det går an å skrive om dette mesterverket i engelsk litteratur, og ein må ikkje gløyme rettssystemet. Charles Dickens var ein mester i å skrive romaner som ofte ga nokon stikk til samfunnet. Bleak House ga så sterk kritikk av sider i rettssystemet at det vart delvis endra i 1870. Eg har veldig liten kjennskap til britisk rettssystem den dag i dag, men eg kan tenka meg at det er ikkje så mange saker som drukner i rettsdokumenter. Teknologiske hjelpemidler gjer nok sitt i det systemet. Bleak House er ein flott roman, men den er tyngre enn eg hadde forventa, og eg som har sett filmatiseringa først (og mange gonger) sleit med alle bipersonane som popper opp i tide og utide. Like fullt blir den varmt anbefalt, men ta deg god tid. Den er ikkje lest i ei håndvending!

Dette er faktisk mi første 1001 bok dette året, og sjølv om mange meiner at ein ikkje bør lese meir enn ei Dickens i året er eg nå halvvegs i David Copperfield. Eg var så lur (eller ikkje!) at eg begynte på den midt i Bleak House. Til slutt siterer eg frå baksida av omslaget på den norske utgåva:
Charles Dickens er rett og slett en mester når det gjelder å skape en perfekt blanding av komedie og sosial satire. Bleak House inneholder mysterier, tragedie, mord, tilgivelse og svært utholdende kjærlighet.
 XOXO

2 kommentarer:

  1. Fin omtale, av ei bok jeg får lyst til å lese en dag.. Men over 1000 sider da... Hehe. Bra jobba.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Liker det best slik til tider:-)

      Slett