Utgitt: 2013
Format: Paperback, 290 sider
Forlag: Chatto & Windus
Anna: Romanen er ikkje gitt ut på norsk
Debutanten NoViolet Bulawayo har fått ein gavepakke med romanen We Need New Names. Ho var ein av fire debutanter på Bookers longlist, og endte med shortlistnominasjon. Eg har tru på at det ikkje er det siste me har høyrt frå denne sørafrikanske forfatteren. Eg las romanen ferdig kvelden før Booker-vinneren vart annonsert (som kjent vart det ein anna debutant, Eleanor Catton, som vant), og hadde eit håp om at det vart denne til the bitter end.
We Need New Names handler om ti år gamle Darling som saman med vennene Stina, Chipo, Godknows, Shbo og Bastard fordriver tida med småtjuverier, dagdriving og utallige leiker. Dei har alle budd i flotte hus, men bur nå i skur i Paradise - eit område som absolutt ikkje er eit paradis. Darling drøymer om USA og tanta som bur der, og bestemmer at ein dag skal ho bu der. Den første delen er prega av naivitet på ein herleg måte. Sett frå ein tiårings perspektiv blir grusomhet og vanskelighet skildra. Då Darling får sjansen til å reise frå Zimbabwe skriver Bulawayo:
Look at the children of the land leaving in droves, leaving their own land with bleeding wounds on their bodies and shock on their faces and blood in their hearts and hunger in their stomachs and grief in their footsteps. Leaving their mothers and fathers and children behind, leaving their umbilical cords underneath the soil, leaving the bones of their ancestors in the earth, leaving everything that makes them who and what they are, leaving because it is no longer possible to stay. They will never be the same again because you cannot be the same once you leave behind who and what you are, you just cannot be the same.Det første møtet med Detroit, Michigan blir Darlings første møte med snø, og det må vera akkurat slik for innvandrere og små barn:
What you will see if you come here where I am standing is the snow. Snow on the leafless trees, snow on the cars, snow on the yards, snow on the roofs - snow, just snow covering everything like sand. It is as white as clean teeth and is also very, very cold. It is a greedy monster too, the snow, because just look how it has swallowed everything; where is the ground now? Where are the flowers? The grass? The stones? The leaves? The ants? The litter? Where are they?(Resten av sitatet finn du i smakebiten frå sist veke.)
Det går ikkje så godt for Darling i USA slik ho hadde drøymt om. Før eller seinare blir Darling nøydd til å innsjå at det fine huset, den snertne bilen og resten av drøymane må leggjas på hylla til fordel for tanker om utgått turistvisum og ein jobb på eit supermarked. Darling er fange i eit land som ho både vil vera i og ikkje vil vera i. Reiser ho tilbake til Zimbabwe kjem ho ikkje inn i USA igjen, og med denne tanken lyg både ho og dei andre slektningane for slektningane i Zimbabwe om at så klart kjem dei på besøk snart. Romanen slutter ganske brått og brutalt, men sidan Darlings liv blir litt på same måten syns eg det passer.
We Need New Names vaks på meg, og på slutten var eg veldig håpefull om Bulawayos sjanse til å vinne. Debutanter er i Bookerprisens ånd, og det er spanande å lesa ein roman frå ein forfatter som er i startfasen. Emnet er noko eg sjeldan er borti, men det var interessant. Idag bur Bulawayo i USA, og det trur eg (utan at eg skal sei sikkert) er noko av bakgrunnen til romanen. Som sagt trur eg ikkje dette er det siste me høyrer frå NoViolet Bulawayo. Anbefales!
Linn syns at det er ei bok som bidrar til meir forståelse og sympati for mennesker ein ikkje forstår motiva til.
XOXO
Flott omtale, elida, og jeg er så glad for at du likte boken! Min søster elsket denne boken. Jeg har linket til den nå på Bookerpris samlesingen min :-)
SvarSlett