Søk i denne bloggen

mandag 9. desember 2013

Bok: "The English Patient"

Forfatter: Michael Ondaatje
Utgitt: 1992
Format: Lydbok, lest av Christopher Cazenove, 8t27min
Forlag: Books on Tape
Mål/utfordringar: 1001 bøker

Michael Ondaatje er fødd i Sri Lanka, men bur idag i Canada. Hans fjerde roman, The English Patient, var ein av to vinnere av Man Booker Prize i 1992. I 2007 var han nominert til den internasjonale Booker-prisen. Hans foreløpig siste roman er The Cat's Table frå 2011.

The English Patient fokuserer rundt ein forbrent mann som ligger på eit tidlegare militærsjukehus i Italia. Pasienten kan ikkje seie kva han heiter, men han fortel ein fascinerande historie om eit tidlegare liv, og ein kjærleikshistorie som andre kan misunne ham for. Historien blir fortalt i bolker til sjukesystera Hana, som nekta å forlate pasienten. Etterkvart kjem to andre menn til syne i det forlatte sjukehuset. Caravaggio er ikkje redd for å stjele det han trenger, han har deltatt i krigen, og kjem til Italia på leiting etter Hana. Kip er ein indisk soldat som blir igjen på sjukehuset for å passe på ei bombe. Alle fire blir etterkvart dratt inn i historien som inneheld forboden kjærleik, bedrag og svik.

Det er ikkje lett å skrive anmeldelse to månader etter at romanen var ferdighøyrt, men hederlege forsøk er gull verdt. For fleire år sidan såg eg filmen som er basert på romanen, og den gjer ære på Michael Ondaatjes roman. The English Patient har eit nydeleg språk, drivande historie, og interessante karakterer. Dette er ein roman eg godt kan lese om igjen. Anbefales!

XOXO

1 kommentar:

  1. Jeg har bare sett filmen, men såvidt jeg husker så likte jeg den godt. Kanskje jeg skal lese den når jeg føler for en gråtefest, minnes at den får fram følelsene i meg :)

    SvarSlett