Søk i denne bloggen

fredag 27. desember 2013

Bokåret 2013 - og godt nyttår!

Med knappe fire dager igjen av 2013 (og med litt travle dager framfor meg) tar eg oppsummeringa idag. Det har vore eit travelt år, men eg forstår ikkje kor året har blitt av. Særleg det siste halve året har gått som røyk, og til sommaren har eg fire guttar som skal byrje på skulen (i jobbsamanheng må vite!). Den delen gruer eg meg til!

Bokåret 2013 er ein heilt anna sak. I september nådde eg målet om 52 bøker, og runda 77 bøker før året var omme. Det har til tider gått meget tregt, og i sommaren og hausten (spesielt november) vart prega av lite leselyst.
 
I år har eg lest 26 bøker ut av mine eigne hyller, men så har det sneke seg inn nærmare 100 bøker. Eg fekk heilt sjokk! Nokon av dei har sneke seg ut igjen, og eg legger til tider ut bøker på gi-bort-siden. Dronningen fekk æren av å vera første leste bok i 2013, og Beklager, jeg må være mamma var ei av bøkene med flest sidevisninger.

I bokhandelen kjøper eg ein del 1001 bøker, og eg har klart 21 stykker i år. Den beste var Harper Lees To Kill a Mockingbird, og den er lest i forbindelse med Lines lesesirkel.

 
Nytt av året var vinnere av Riverton eller Glassnøkkelen. Dette er høgthengande kriminalpriser, og blir gitt ut kvart år. Målet vart nedprioritert etter sommaren pga at fleire av bøkene er ein del av ein serie. Likevel får eg med meg litt krim, og dei to beste i år er skandinaviske.

 
I løpet av eitt år er det som regel ting som ikkje fungerer, og slik er det med litteraturmål og. Tidlegare år har eg hatt stor suksess med Agatha Christie, men i år har eg ikkje lest ei einaste. Eg har likevel omtrent 20 uleste ståande, men ein må alltid ha minst ei Christie-bok tilgjengeleg til einkvar tid. Charles Dickens har heller ikkje vore det heilt store i år (sjølv om eg faktisk har lest to). Til neste år skal eg ha som mål å kun lese ei av dei, og kvifor ei det er får dykk vite ved ein seinare anledning. Sakprosa og Nobelprisvinnere har heller ikkje gått så godt, men eg gråter ikkje over spilt mjølk. Betre lukke neste gong.

Eit mål eg bomma med i 2012, og som eg ikkje hadde i år var Man Booker Prize-bøker. I år har eg kome gjennom 7 stk frå årets long- og shortlist, og det må seias at dette året var det ei eksepsjonelt god liste.

Eg meldte meg på 3 utfordringer i 2013. Classics-utfordringa har eg skrevet om, Off the shelf har eg forsåvidt nemnt her (men i forhold til målet eg satte meg i utfordringa mangler eg 5), og Ebook klarer eg før året er omme. I skrivande stund er det kun Classics eg har meldt meg på til neste år, men kven veit kva eg finner på i nyttårsrusen. Hiv deg gjerne med på Classics, det er veldig kjekt!

Alt i alt har bokåret 2013 vore meget bra med mange bra bøker, og gode kommentarer. Om eg skulle ytre eit nyttårsønske må det vera fleire kommentarer på innlegg. Har du lest boka, lyst til å lese den, eller bare syns omslaget var fint så skriv det ned. Er det ein ny blogg som stikker innom så går eg alltid innom med det same. I retur skal eg og bli flinkere til å kommentere hos andre.

Til slutt er det bare ein ting å sei: GODT NYTTÅR!

XOXO

7 kommentarer:

  1. Godt nytt år til deg også:-) Jeg kjenner også at jeg må rydde litt plass til Agatha Christie neste år, blir ikke så mye av henne jeg får lest innimellom alt det andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg begynte faktisk på ei, men akkurat då fengde det ikkje, så eg la det vekk. Og siden har ingen sett noko til Agatha Christie:-)

      Slett
  2. Herlig oppsummering Elida. Fikk nettopp tips hos deg at jeg skal notere ned antall leste sider og hørte timer for 2014. Sitter og funderer på målene for neste år jeg også. Med studier i tillegg er det vanskeligere å spå.. Man Booker Prize bøker blir det nok ikke, men 1001 og bokblogger shortlist bøker skal det bli bedre med. Må tenke grundig før jeg bestemmer meg. Kjekt :o) Godt nyttår til deg og så skal fingrer krysses for målene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har vore veldig interessant å notere ned antall leste og hørte sider og timer:-) Det er klart det er vanskeligere med studier, men då er det bare å redusere måla litt, også er alt anna ein bonus;-)

      Slett
  3. Flott oppsummering:-) jeg liker listelesingen ( fra ulike priser)din og har lyst til å teste dette ut en gang jeg også. Vet ikke om det blir i 2014 for da skal jeg i hvert fall ta litt fatt på 1001 bøker, samt at jeg skal lese bøkene på shortlisten til bokbloggerprisen,det er da en begynnelse det. Agatha Christie har jeg med skam å melde ikke lest noe som helst av ennå. Når det gjelder kommentarer så er jeg enig med deg, der kan sikkert de fleste av oss bli litt flinkere. Det kan være mange som er inne å leser et innlegg men ofte kommer det ikke så mange kommentarer. Har et forbedringspotensiale her jeg også, og skal skjerpe meg. Ønsker deg et riktig godt nytt år, Elida og gleder meg til å følge deg videre i 2014:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg elsker lister:-)

      Bokbloggerprislesing har eg meldt meg ut av, for eg les så ekstremt lite norsk, og hvertfall ingenting nytt. Litt flaut igrunnen, men eg syns det er meir spennande med europeisk 1800-tallslitteratur.

      1001 bøker er kjempegøy, og du må bare si fra om du vil ha tips!

      Slett
    2. Neida,ingen grunn til å være flau,det er jo en ærlig sak det! Tusen takk for tips om AC noveller, de skal jeg notere meg, og jeg tar deg gjerne på ordet og ber om råd når det gjelder 1001 bøker, så spørsmål kan komme helt plutselig.

      Slett