Søk i denne bloggen

lørdag 11. januar 2014

Bok: "Livet, tanken, blikket" + litt om ebokbib

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: Living, Thinking, Looking
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2013
Oversettere: Bjørg Nesje Nybø og Ika Kaminka, MNO
Format: Ebok, 245 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordring: Nye forfattere

75 sider uti boka hadde eg ein klar tanke: Denne skal kjøpes, og leses om igjen fleire gonger. Amerikanske Siri Hustvedt er eit nytt bekjentskap, men det blir ikkje siste gongen ho får figurere på bloggen. What I Loved står på 1001-lista, men ho har mange andre bøker og på samvittigheten. Eg trur faktisk det er første gong eg har lest ei essaysamling, så januar er tydeligvis starten på meir enn eit nytt år.

I Livet, tanken, blikket har Siri Hustvedt samla 32 essays skrevet mellom 2006 og 2011. Sidan dette er mitt første møte med Hustvedt så vel eg å tru på det baksideteksten sier:
I disse fascinerende, levende og engasjerende tekstene viser Hustvedt hva som ligger bak romanene hennes: En veldig nysgjerrighet på hva hvem vi er og hvordan vi ble slik.
Essaya er engasjerande, og interessante, og dei viser at Hustvedt kan meir enn å skrive. Ho har mykje kunnskap om psykoanalyse og psykologi, og skriver og litt om arbeidet ho gjer med undervisning på ein psykiatrisk klinikk. Boka er delt i 3 deler som tittelen sier, og eg likte best dei to første delene. Dei beste essaya syns eg var Min far/meg selv, Om å lese og Psykoanalytikeren i skjønnlitteraturen. Anbefales!

Eg har lest boka på iPad'en, og det er med få unntak eg les bok på iPad. I dette tilfelle er unntaket ebokbib. I mars i fjor skreiv Bjørg om ebokbib, men då var det kun Deichmanske som hadde tilgang. Eg slo det raskt frå meg, og tenkte ikkje meir over det før Sølvberget (biblioteket i Stavanger) la ut eit bilete på Facebook med nye titler i ebokbib. Eg lasta ner appen, men "mine" bibliotek var ikkje med i ordninga. Det vart raskt ordna med ein mail til Sølvberget, og vips hadde eg tilgang. Det er visse forskjeller på å lese på Kindle og ebokbib, og fleire av irritasjonsmomentene har Bjørg skrevet om, men det begynner å gå seg til med ebokbib for Bjørg og. Kristin har skrevet eit innlegg med svar og løysingar på Bjørg sine spørsmål, og begge innlegga er informative. Eg håper at ebokbib kan bidra til meir norske forfattere på bloggen, då det er sørgeleg lite av det frå før.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg har to bøker av Siri Hustvedt på leselisten min, og det du skriver om essaysamlingen gjør at jeg sannelig skal prioritere å få lest noe av denne forfatteren :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tok nesten med meg eit par Hustvedt-bøker frå bokhandelen i dag, men eg klarte å stå imot;-) Kjekt å vera inspirerande!

      Slett