Søk i denne bloggen

mandag 24. mars 2014

Vinnerlukke

For ca ei veke sidan la Cappelen Damm ut eit bilde på Instagram av ryggen på dei nye utgåvene av Harry Potter-serien. Teksten lød: Lik og du kan vinne alle sammen:)

Dei fekk inn totalt 154 liker, og ca 20 kommentarer. Sist fredag kikka eg innom Instagram i pausen på jobb, og vart frykteleg lang i maska. Då stod det å lese: Takk for stort engasjement! Vi har nå trukket en vinner som får tilsendt alle bøkene: @elidasta - send postadressen din (...), så får du snart pakke i posten:) Det var nesten som eg ikkje trudde på det som stod.

I løpet av veka blir eg den lukkelege eigar av Harry Potter-serien i ny drakt, og eg som har heile serien på norsk + fire av bøkene på engelsk. Og ikkje nok med det, tidlegare i veka klagde eg til mor om at eg hadde så lyst på dei nye utgåvene, så går eg hen og vinner dei!

Nå er det bare å spele lotto, så blir det gevinst der og ;-) Hadde det vore så enkelt!

                                  Bilde: Har visst vunnet nye utgaver av Harry Potter-serien idag. Glede!
XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar