Forfatter: Jørn Lier Horst
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2013
Format: Heftet, 361 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf
Då eg starta å interesse meg for Jørn Lier Horst var det med denne boka. Den åttende boka i rekka om William Wisting gjekk hen og vant både den norske Rivertonprisen og den svenske Glassnøkkelen. For Lier Horst var det tredje gong han var nominert til førstnemnte pris, og eg kunne jo ikkje med min kronologiske hjerne begynna på den åttende boka. Elleve månader etter eg starta første bok er eg endeleg ajour. Nå har eg ei bok igjen, men den leser eg når eg føler for det. Lier Horst kjem ikkje med ny bok om William Wisting før i 2015.
I Jakthundene blir William Wisting sjølv satt under etterforskning. Han blir suspendert på grunn av ein sak han etterforska for 17 år sidan der det har kome fram at bevisene som fengsla gjerningsmannen var falske. Wisting gjer sitt beste for å reinvaske seg sjølv, men då det forsvinner ei ny ung kvinne blir det eit kappløp utan like. Wisting får hjelp av journalistdottera Line, og frå uventa hold.
Det er ein årsak til at akkurat denne vant begge krimprisane, og den heiter meget velskrevet krimroman. Det er spennande, persongalleriet er det same, men dei utfyller kvarandre. I Jakthundene er det mykje William og Line, og eg kjenner at eg sakna dei andre i teamet. Håper dei kjem meir fram i neste bok, Hulemannen. Du vil ikkje angre på at du leser Jørn Lier Horst, men som alltid anbefaler eg deg å lese dei kronologisk. Sakene er avsluttande i kvar bok, men eg som er vel så opptatt av personen William Wisting får meir utbytte av å begynne med første bok.
Andre som har skrevet om boka er Astrid Terese, Gro, Marianne. Er det andre, legg gjerne igjen ein kommentar så fikser eg ein link.
XOXO
Denne boken var bare knallgod :) Jeg leste den i 2012, og husker at det var en skikkelig sidevender. Her er forøvrig min omtale :http://www.groskrosverden.blogspot.no/2012/10/jakthundene-av-jrn-lier-horst.html
SvarSlettTakk for kommentar. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor denne boka vant både Riverton og Glassnøkkelen:-)
SlettJeg har denne og en til på nettbrettet( en gratisbok jeg ikke husker tittelen på i farten) kanskje jeg skulle begynt på serien, jeg har jo godt til siden ikke neste bok kommer før neste år. Dette er en forfatter jeg er veldig spent på.. jeg er avhengig av å lese de kronologisk så jeg MÅ begynne på første bok, og som du sier selv om det er avsluttende saker i hver bok er det kjekt å følge utviklingen til karakterene.
SvarSlettDei einaste krimbøkene eg ikkje les kronologisk er Agatha Christies bøker om Poirot og Miss Marple + at Gunnar Staalesens bøker om Varg Veum har eg lest i hytt og vær (og eg har ikkje lest alle). Som regel anbefaler eg å lese krimbøker kronologisk, men det er mest fordi eg er ofte meir glad i å lese om krimhelten enn sjølve saken. Forstå det den som kan :-) Det ligger for øvrig linker på fanen 'Bokomtaler A-Å' til alle Lier Horst-bøkene eg har lest. Eg har ei igjen, Hulemannen, også bør Lier Horst skrive faderlig fort.
SlettDette var den første boken jeg leste av Lier Holst. Jeg tenkte ikke på å lese de som var kommet før da. Men så snart jeg var ferdig med boken begynte jeg fra begynnelsen. Nå har jeg lest alt han har skrevet og jeg er fremdeles like forelsket :-)
SvarSlettMin omtale er her; http://www.astridterese.no/2012/09/11/jakthundene-av-jorn-lier-horst/
Ha en fin dag, Elida!
Eg vurderte og å starte med denne, sidan eg var i eit Riverton-humør då eg oppdaga denne. Heldigvis for min del gjorde eg det ikkje, men bortsett frå spoilere om William Wistings liv så trur eg ikkje det hadde gjort noko.
Slett