Søk i denne bloggen

lørdag 19. juli 2014

Man Booker Prize 2014 - nr. 1

Nå er det under ei veke til Man Booker Prize si longlist blir publisert. 23. juli er dagen. I år kjem diskusjoner og diverse stoff i hovudsak bli publisert på ei Facebookside som Clementine har laget, og eg, Ann Helen og Linn har blitt spurt om å vera med på denne sida. Målet med facebooksida er å skape engasjement rundt ein pris som får stadig meir innpass i dette landet, og diskutere saman med andre bloggere og lesere.

Man Booker Prize er eit årleg litterært høgdepunkt, og eg har oppdaga forfattere som Julian Barnes, Colum McCann og Colm Tóibín på bakgrunn av prisen.

Eg kjem i all hovudsak til å kaste alt anna på båten på onsdag, og sprenglese Booker-bøker, men allereie nå les eg potensielle bøker som kan bli nominert. Dei eg har lest får dykk ein kort gjennomgang av.

* Donal Ryan: The Thing About December (publisert september 2013)
Den irske forfatteren Donal Ryan brakdebuterte i 2012 med The Spinning Heart som havna på longlist 2013. The Thing About December er svakere enn førsteboka, men har eit godt bodskap. For hovudpersonen Johnsey går livet for fort for han, og når han i tillegg mister dei han har aller kjærast blir det ikkje lett. På grunnlag av tapet er det folk som ikkje vil han vel, og som ynskjer å ta frå han det som er rettmessig hans. Skrivestilen er upåklageleg, men eg syns det gjekk tregt.

* Michael Cunningham: The Snow Queen (publisert mai 2014)
Den amerikanske Pulitzerprismottakeren Michael Cunningham er ikkje eit nytt namn. Eg har tidlegare lest The Hours (som han mottok Pulitzer for) og likte den meget godt. The Snow Queen er inspirert av H.C. Andersens eventyr Snedronningen, og har enkelte elementer som ein drøymande atmosfære. Historien sentrerer seg rundt tre personer som alle drøymer om eit betre liv. Det er fleire temaer i boka som narkotika og sjukdom. Eg høyrte boka via audible, og skodespelaren Claire Danes les meget godt. Clementine har og skrevet om boka.

* Donna Tartt: The Goldfinch (publisert oktober 2013)
Den amerikanske forfatteren Donna Tartt har gitt ut to bøker tidlegare. Debutboka, The Secret History, var ingen slager for meg og det var med tvil eg starta på The Goldfinch. Nå er eg ca 200 sider inne i boka (min engelske utgåve har 771 sider) og eg er nødt til å lese ferdig. Eg vil ikkje sei for mykje, men både Clementine og Linn har lest den. The Goldfinch er allereie utgitt på norsk med tittelen Stillitsen.

* Sebastian Barry: The Temporary Gentleman (publisert april 2014)
Den irske forfatteren Sebastian Barry er eit kjent namn i Booker-miljøet. Han var på shortlist i 2005 med A Long Long Way, longlist i 2008 med The Secret Scripture og longlist i 2011 med On Canaan's Side. Hans nyaste bok, The Temporary Gentleman byrja eg på idag via audible, og etter ein time på øyra lover det bra.

Det er ikkje til å legge skjul på at det er mange potensielle Booker-bøker eg har lyst til å lese, og eg håper dei får ein nominasjon slik at eg kan kaste meg over dei. Til dømes:

* Damon Galgut: Arctic Summer
* Siri Hustvedt: The Blazing World (publisert på norsk: Denne flammende verden)
* Sue Monk Kidd: The Invention of Wings
* Eimear McBride: A Girl is a Half-Formed Thing
* Ian McEwan: The Children Act (ikkje publisert)
* Joyce Carol Oates: Carthage
* Colm Tóibín: Nora Webster (ikkje publisert)
* Hanya Yanagihara: The People in the Trees
* Naomi Wood: Mrs Hemingway

Ann Helen har skrevet om bøkene ho har lest, og Clementine har skrevet ned sine tanker.

XOXO

4 kommentarer:

  1. Kjempebra... Dette blir spennende :-)
    Takk for lenke, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gler meg! Om du har peiling på når på dagen det blir annonsert?

      Slett
  2. Jeg vet ikke sikkert, men FB siden til Bookerprisen gir nok ut litt mer info tidlig på dagen :-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Satser på det. Eg er på veg heim frå Trondheim onsdag ettermiddag:-)

      Slett