Utgitt: 2014
Format: Kindle, 532 sider
Forlag: Chatto & Windus (Vintage Digital)
Mål/utfordringar: Nye forfattere, Man Booker Prize
Då eg satt på flyplassen i Trondheim og leste om Bookerprisens longlist så var det Neel Mukherjee som var førstemann ut til å bli lasta ned. Det var igrunnen kun fordi det var den første eg fekk has på (Siri Hustvedt låg då heime). Dette er den indiskbritiske forfatterens tredje roman. Eg og The Lives of Others har gått ein lang veg, men me vart omsider einige.
The Lives of Others går føre seg i India i 60-åra. Familien Ghosh består av mor og far (Prafullanath og Charubala), fire søner (Adinath, Priyonath, Bholanath og Somnath) og ei dotter (Chhaya), svigerdøtre og seks barnebarn. Dei bur alle i eit stort hus i Calcutta, og har soverom etter rang. Til eksempel så bur dei gamle foreldra øverst, den eldste sonen med familie har meget god plass under dei, medan enkja etter den eine sonen (Somnath) bur på eit rom i kjelleren med sine to barn. Dei møtes som regel kvar dag til alle måltider, og det er nå den eldste svigerdottera (Sandhya) som regjerer i familien på grunn av svigermoras sviktande helse. Det er ein tett familie samtidig som alle har hemmelegheiter som dei for all del ikkje vil dele med nokon. Då Supratik, sonen til Adinath, stikker av og melder seg for kommunistgruppa Naxalite går foreldra hans i oppløysing. Det er opptakten til ein familie som det langsomt går nedover med.

Som skrevet har eg gått ein lang veg med denne boka. Eg bestemte meg tidleg for at eg skulle ikkje gje meg for eg trur dette er ei type bok som kan havne på shortlist. Den er utfordrande, spennande, interessant, og den krever sin lesar. Eg har slitt meg gjennom fleire kapittel på grensa til å gje opp, også skjedde det ting i boka som gjorde at eg måtte lese vidare. Det er ikkje ei bok du les ei side her og ei side neste dag, du må konsenterere deg, og det vil eg ha ut av ei Booker-bok. Det er ein del namn å halde styr på, og når romanen etterkvart minner om ein russisk roman på grunn av diverse kallenamn, så seier det seg sjølv at det var eit sjakktrekk av forfatteren og forlaget å plassere eit slektskart i byrjinga av boka. Sidan eg las den på kindle, så skreiv eg av slektskartet og det har hjulpet meg mykje. Når det gjelder historien så syns eg den minner både om Thomas Manns Buddenbrooks og Jhumpa Lahiris Booker-bok frå i fjor, The Lowland.
Neel Mukherjees roman er herved anbefalt!
XOXO
Andre anmeldelser av romanen:
* The Guardian 08.06.14 (besøkt 18.08.14)
Gleder meg stort, ikke minst fordi jeg ble så glad i både Buddenbrooks og the Lowland....
SvarSlettFlott anmeldelse!
Tusen takk, Clementine!
SlettDet er litt kjekt å komme gjennom bøker med litt motstand, eg synest i alle fall det. Veldig kjekt å få litt innblikk i langlista, så takk for at du gjer denne innsatsen, Elida.
SvarSlettIkkje bare det du seier, men det gjer meg meir å koma gjennom dei bøkene eg gjerne ikkje hadde valgt om det ikkje var for Booker-lista :-)
SlettBare jillt å glede deg, Bjørg!