Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 15. september 2014

Bokbloggertreff 2014

I helga var det dags for årets happening: Bokbloggertreff! Ca 40 stk var samla i kantina til Aschehoug, og det var stemning frå dei første bloggerne ankom. Når det er tredje gongen fleire av oss er samla blir det ofte klemmer når ein treffer kvarandre igjen. Husker framleis første året då nesten ingen hadde truffet kvarandre, og blikket gjekk først til skiltet (som viser namn og bloggtittel) før ein hilste osv. Det er lite av det etterkvart.

Lise aka Knirk stod for velkomsten, og ho prata om praktiske opplysninger, organiserte handsopprekking om kor mange som var der for første, andre eller tredje gong (og me hadde nokon debutanter), ho prata om diverse lesesirkler som foregår på ulike blogger og køyreplan for dagen. Etterpå var det Silje som fekk oss i gang med quiz. I år hadde bloggerne sjølv sørga for bokbord (iplassen for å få bøker av forlaga), og det bokbordet var ikkje reint lite. Mitt lag bestod av Ragnhild, Elin, Marianne, Aase Berit, Kathrin, Monika og meg. Mange av spørsmåla vart besvart raskt, medan andre måtte tenkas på. Når quizresultatet vart avslørt hadde vinnarlaget fått 24/28 poeng, og det var laget mitt!!! Eg er den som openlyst jubler når eg vinner, og det var ikkje få som fekk med seg at den ville tippinga mi på kven som skal spele i filmatiseringa av Gone Girl var riktig svar. Premien var å velge først på bokbordet, og første boka mi var den som alle andre ville ha: Hanya Yanagiharas The People in the Trees som Ann Helen har skrytt av (ho tok forøvrig den eg ynskja meg som andreboka). Så var det tid for lunsj, og bokbloggtreffets komité hadde smurt baguetter til alle som ville ha.

Pause! Då tok eg meg ein tur ned i Karl Johan, dumpa innom Tanum, kjøpte eit par stilige notatbøker (ei om bøker sjølvsagt), dumpa diverse ting på hotellrommet, og gikk tilbake til Aschehoug-huset. Nå var det nemleg tid for eit av høgdepunkta for treffet: Utdelinga av den aller første norske bokbloggerprisen!

Denne programposten stod i Oslo bokfestivals offisielle program, og det vart fort fullt i kantina då fire av dei seks nominerte forfatterne kom, pluss andre interesserte (utanom bokbloggerne). Line prata først om stiftinga av prisen, om korleis den kom i stand, om nominering og samlesing, og korleis dei nominerte har hoppa opp og ned på long- og shortlist etterkvart som stemmene har blitt talt opp. Så begynte bokbadet. Silje bokbada Lisa Aisato og Agnes Ravatn og Line bokbada Ruth Lillegraven. Så las Ruth Lillegraven opp eit sjølvskreve dikt om shortlistnominerte Herbjørg Wassmos roman Disse øyeblikk. Til slutt bokbada Elin Siri Pettersen. Endeleg var det tid for den endelege avsløringa. Øyeblikket som bokbloggerkomitéen har haldt hemmeleg i ein månad.

Agnes Ravatn vant i kategorien årets roman for Fugletribunalet, og Ruth Lillegraven vant i kategorien åpen klasse for diktsamlinga Urd. Veldig kjekt, og enda kjekkere at begge damene skriver på nynorsk. Begge vinnarane vart veldig glade. Dei fekk blomster, haldt takketale også fekk Aisato og Pettersen og blomster. Eg heia i det stille på Lisa Aisato, men som plaster på såret fekk eg signatur i tre av Aisatos billedbøker, og i Ravatns bok. Bilder vart tatt av vinnarane, også plutseleg var det bare oss bloggerne igjen. Middagen var tapas i år som i fjor, også gikk fleire av oss ut på Youngstorget på ein utekafé. Veldig kjekt, og gler meg allereie til neste år!

Om du lurer på om eg ikkje har fotografert undervegs så har eg så klart det, men eg måtte bare få ut dette først, også kjem det eit biletedryss om ikkje så altfor mange dager (eg må bare samkøyre bileta frå kamera og iPhone). Eg instagramma og tvitra ein del under heile treffet (og spesielt under bokbloggerprisen), og eg veit det var fleire som satte pris på det.

XOXO

Andre bloggere som har skrevet om treffet (og om din blogg ikkje er med på lista legg igjen ein kommentar):

* Anita aka Artemisia
* Belinda aka Bokvrimmel (har skrevet om prisen frå sjukesenga si)
* Eli om skrivemingling
* Elin aka Bokelskerinnen
* Gro
* Isabella aka Gråbekka
* Moshonista
* Ragnhild (liveblogging rett etter quiz)
* Reading Randi
* Rose-Marie
* Aase Berit aka Tulleruska

Andre medier:

* Avisa Hordaland
* Bok365 (publisert 13.09 og besøkt 15.09)
* Bok og samfunn (publisert og besøkt 15.09)
* Budstikka (publisert 14.09, og besøkt 15.09)
* Dagbladet (publisert og besøkt 15.09)
* Forfatterforeningen

10 kommentarer:

  1. Eg har med interesse lest både din og andre bokbloggarar sine oppsummeringar av treffet. Eg har sett på bileta både på bloggar, Facebook og Instragram - og ein ting slo meg: Var det ingen menn der?? Eg veit at kvinner/jenter er i fleirtal blant bokbloggarar, men..?
    - spurde ho som (av ein eller annan grunn) trivst best i lag med mannfolk

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei Berit, ingen menn. Tenkte ikke på det der og da, damene som var der var knakande greie :)

      Slett
    2. I fjor var det to menn, men ikke i år, nei.. Vart dæm skræmt kanskje? ;)

      Slett
    3. Så flott at dykk tar ansvar og svarer Berit. Nei, det var som skrevet her ingen menn. Det kan jo ikkje passe for alle, og enten så passa det ikkje, eller så har dei blitt skremt som Anita seier :-)

      Slett
  2. Takk for sist, og fint innlegg Elida.:)

    SvarSlett
  3. Flott innlegg Elida! Takk for sist forresten, var utrolig koselig å treff deg:) Takk for link, har linka deg også på min side! :) Må si jeg også gleder meg allerede til neste år, blir jo like spennende da hvem som stikker av med prisen:) Kos deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker, og fint innlegg av deg også. Eg tenker at det må vera lov å linke til kvarandre, også får heller dei som ikkje liker det sei ifrå så fjerner eg linken :-)

      Slett
  4. Som alltid like morsomt å treffe deg - (selv om du spolerte alle mine quiz-planer -)
    Jeg er allerede igang med å overbevise komiteen om at neste år må vestlendingene spres, kun en bråkebøtte pr. lag - hvis ikke blir det - urettferdig.

    (hvor blir alle bildene av??)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er alltid morsomt å treffe deg også. Dine quiz-planer kan du sjå langt etter ;-)

      Bileta kjem, eg må bare samkøyra diverse kamera :-)

      Slett