Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 17. februar 2015

Bok: "Elizabeth is Missing"

Forfatter: Emma Healey (f. 1985)
Utgitt: 2014 (utgitt 2015 i Noreg med tittelen Elizabeth er borte, Cappelen)
Format: Innbundet, 275 sider
Forlag: Viking/Penguin

Emma Healey var fjorårets krimsnakkis i vårt naboland, Storbritannia. I følge ein artikkel i Aftenposten 07.02.15 (lest 16.02.15) var det ni britiske forlag som kjempa om å få gi den ut. I Noreg er det Cappelen Damm som gir den ut, men eg er ikkje kjent med om det har vore ein budkrig blant norske forlag. Om eit par veker kjem Healey til Krimfestivalen i Oslo, og denne artikkelen stod på trykk 10.02.15 (lest 16.02.15).

Elizabeth is Missing handler om den nær 90 år gamle Maud Horsham som er dement store deler av tida. I dei klare øyeblikka minnes ho barndommen og etter kvart ungdomstida. Maud skriver lapper til seg sjølv om ting ho må huske, og hjemmesykepleien skriver lapper om kva ho ikkje skal gjere. Det blir ein haug med lapper til slutt, og på ein av dei står det 'Elizabeth is Missing'. Utan at Maud heilt klart husker kvifor ho har skrevet denne lappen blir ho besatt ved tanken på å finne ut kva som har skjedd med naboen og venninna Elizabeth.
Elizabeth is the only friend I have left; the others are in homes or graves. (s. 6) 
Ein del av besettelsen til Maud kan og skuldas forsvinninga til systera Sukey rett etter krigen, ei forsvinning som aldri har blitt oppklart. I klare og uklare øyeblikk gjer Maud sitt beste for å løyse mysteriet sitt, men det er ikkje så lett når du i det eine øyeblikket har ein klar agenda, medan du i det neste ikkje aner kvar du er. Det gjer sitt til at det blir ein del humoristiske episoder. Maud har og familie; ei dotter med dotterdotter som bur i nærleiken, og ein son med familie i Tyskland. Ingen av dei ser ut til å bry seg nemneverdig med mora og bestemoras mysterium. Vil Maud finne sanninga før romanen er slutt?

Emma Healey har muligens laga ein ny sjanger innan kriminallitteraturen, forfattaren seier sjølv i Aftenposten-artikkelen at nokon har kalt boka ein demens-thriller. Elizabeth is Missing er eit friskt pust i ein elles blodig sjanger, språket er godt og kapitla grei størrelse. Likevel er det litt å ta tak i for at den skal få toppscore. Healey benytter seg av ein godt brukt metode, nemleg fortid og nåtid. Viss den metoden skal brukas i hennar framtidige romanar ynskjer eg meg betre avklaring på fortid og nåtid. Her var det til tider reint gjettverk. Det andre er muligens bare meg og min aversjon mot å lese krim på engelsk, (eg gjer det nemleg veldig sjeldan) er at det var ikkje noko driv i romanen. Språket er godt, men for meg flyter det ikkje. Som sagt kan det bare vera meg, og muligens skulle eg ha skifta frå engelsk til norsk utgåve. Uansett anbefaler eg dette friske pustet i krimsjangeren, og eg ser fram til at andre bloggere rapporterer frå si lesing!

XOXO

5 kommentarer:

  1. Jeg begynte på den i sommer og sleit med å komme inn i den (og la den vekk til slutt). Jeg opplevde også at flyten manglet, tenkte egentlig at det var et bevisst valg for å få frem hovedpersonens demens. Skal lese videre etterhvert ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mogleg at det er eit bevisst valg, det var ikkje ein dum tanke :-)

      Slett
  2. Denne har jeg nettopp fått tilsendt og tenkte å lese den når jeg er ferdig med "Alt lyset vi ikke ser" og den begynner jeg på nå! Da blir det spennende å se hvordan den norske utgaven er i forhold til den engelske.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er omtrent halvveis i Alt lyset vi ikke ser, og liker det eg leser. Liker at du leser Elizabeth is Missing på norsk, mogleg at det hadde vore betre for meg :-)

      Slett
  3. Denne er jeg usikker på om jeg skal gi en sjanse eller ikke, er glad i litt utradisjonell krim og synes premisset for boka høres veldig spennende ut; samtidig blir jeg vettskremt av taken på en krim bok med lite driv, - leser jo krim nesten utelukkende for å underholdes...

    SvarSlett