Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 5. februar 2015

Bok: "Ethan Frome"

Forfatter: Edith Wharton (1862-1937)
Utgitt: 1911
Min utgåve: 2009
Format: Heftet, 99 sider
Forlag: Penguin Deluxe
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Back to the Classics

Eg har ikkje mindre enn fire bøker av den amerikanske forfatteren Edith Wharton i bokhylla, og Ethan Frome er mi første Wharton-bok. Wharton har ikkje mindre enn seks bøker på 1001-lista, og eg har allereie planlagt ei til dette året i Classics-utfordringa. Ethan Frome er mitt val til Classic with a Person's Name in the Title, og eg må seie at det er ikkje ofte eg får trippelkryss for ei bok.

Ethan Frome blir fortalt av ein ukjent mannleg forteljar som blir kjent med Frome fordi han trenger skyss. Handlinga føregår i ein oppdikta by i New England der Frome bur på sin heimegard. Ethan Frome er ein mann som hadde draumer og ting han ville gjera med livet sitt, istaden blir han sitjande fast på garden sin. Då me treffer Ethan Frome er han sky og tilbaketrukket, og vår forteljar vil gjerne vite meir om den mystiske Frome. Det blir fortalt om ein "smash-up" tjuefire år tidlegare, og då forteljaren vår må tilbringe ei natt i Frome-huset på grunn av ein vinterstorm lærer han Frome-hushaldet å kjenne på godt og vondt.

Etter eit ulukkeleg sju års ekteskap med Zenobia (Zeena) ser endeleg Ethan Frome eit lys i tunnelen. Zeena er sjukeleg, og prøver stadig vekk nye medisiner og doktorer for å bli betre. Det heile ender som regel med at Ethan må ut med ein sum penger for ulike remedier, og det held hardt fleire gonger då det ikkje er så mykje inntekter. Eitt år tidlegare flytta Zeenas slektning, Mattie Silver, inn i Frome-huset for å hjelpe til, og Ethan nærer etterkvart sterke kjensler for den unge jenta. Zeena er klar over disse kjenslene, og naturleg nok er ho ikkje glad for dei. Då Zeena reiser vekk i to dager for å treffe ein ny doktor ser Ethan fram til ein kveld i ensomhet med Mattie. Ingenting om kjensler blir derimot sagt denne kvelden, og då Zeena kjem heim har ho hyrt ei ny jente som skal ta seg av huset og den sjukelege Zeena. Ei av favorittskålene til Zeena vart knust då ho var vekkreist og det setter fyr i hennar besluttsomhet om å bli kvitt Mattie snarast mogleg.


Ethan er i tanker om å rømme med Mattie, men til slutt insisterer han på å sjølv køyre ho til togstasjonen. Dette er truleg fyrste gong på lang tid han går imot si hustrus ynskje om at han skal halde seg heime. På veg til togstasjonen stanser dei på ein bakketopp dei hadde ein gong tenkt å ake i, og bestemmer seg for å gjera det til tross for alle trea. Etter fyrste turen ned foreslår Mattie at dei skal køyre rett i eit tre så får dei dei siste øyeblikka ilag. Ethan ombestemmer seg i siste sekund, men det går likevel gale, og det blir kjent som "smash-up". I siste kapittel er me tilbake i Frome-huset med vår mannlege forteljar, og det er absolutt ikkje eit lystig hus.

Mitt fyrste møte med Edith Wharton er ikkje eit hyggeleg eit, men heller ei bok om ulukkeleg kjærleik og depresjon. På Goodreads er det delte meiningar om boka, men til tross for den dystre sinnsstemninga er språket førsteklasses, og den har det eg vil ha av ein klassikar: Den er ikkje lett å gløyme! Under 100 sider er ikkje mykje, men Ethan Frome rommer enormt mykje på dei få sidene. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Spennende! Jeg begynte å tenke litt på John Williams sin Stoner av omtalen din, så jeg må nok få lest denne.
    Du har forresten et godt tempo med tanke på klassiker utfordringen!
    Jeg vurderer å la 1984 være min klassiker fra 1900 - tallet, i stedet for Bell Jar, men må tenke litt på det :-). Den er i allefall lest - så da har jeg jo noe å falle tilbake på dersom jeg ikke rekker Plath. ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Silje! Nå må eg lesa Stoner for å sjå kva du meiner :-)

      Vurder det nå, eller på slutten av året. For to år sidan bytta eg ut mange av titlane rett før nyttår for å få det til å gå opp. Det viste seg at eg hadde lest bøker som passa inn i kategoriane, men ikkje dei eg hadde lista opp.

      Slett