Søk i denne bloggen

lørdag 23. mai 2015

Bøker: "Pippi Langstrømpe"


Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Utgitt: 1945, 1946, 1948
Mine utgåver: 1993 (#1 og #2), 1969 (#3)
Format: Innbundet, mellom 124 og 138 sider, oversatt av Hans Braarvig, illustrert av Alice Midelfart
Forlag: Damm

I anledning Pippis 70-årsdag har eg funnet fram Pippi-bøkene i barndommens bokhylle. Den tredje boka står det 1969 i, og det er ein julepresang mi mor fekk som 9-åring. Ganske fint! Den første Pippi-boka står og på 1001-lista, og er den einaste av Astrid Lindgrens bøker som har fått plass. Lindgren var og er ein verdskjent forfatter, og er meget aktuell dette året, ikkje bare med Pippis 70-årsdag, men og med krigsdagbøker og personlige brev til ei då 12 gammal jente.

Astrid Lindgren-forskeren Agnes-Margrethe Bjorvand, som til dagleg held til ved universitetet i Kristiansand, held på med ein nyoversettelse av Pippi Langstrømpe. Det kan fort bli interessant for i mine utgåver er ord som negerkonge og hottentotter framleis med.


Pippi er eit kjent namn for dei fleste, men det var ein liten gut på tre år som fekk meg til å plukke fram Pippi på jobb her om dagen. Under lunsjen fortalte eg den historien om Pippi som eg husker best: då Pippi går i butikker og kjøper atten kilo sukkertøy. Den står i andre bok, medan i første bok får du høyre om når Pippi flytter inn i villa "Utsikten" (som det står i mine bøker), når ho er tingleter, leiker med konstabler, går litt på skulen, på tur og på sirkus, når det kjem tyver og når Pippi er i kaffeslabberas hjå mor til Tommy og Annika. I andre bok foruten butikkhandling, er Pippi med på skoletur, på marked, er skipbrudden med Tommy og Annika og går nesten ombord for å reise til Kurrekurreduttøya. I andre bok reiser ho ikkje for ho kan ikkje reise frå Tommy og Annika.

I tredje bok blir Tommy og Annika sjuke, og fru Settergren (deira mor) gir Pippi lov til å ta med seg barna sine til Kurrekurreduttøya. For som fru Settergren seier til alle tantene i den ørlille byen:
"Pippi Langstrømpe oppfører seg kanskje ikke så helt uklanderlig alltid. Men hun har et hjerte av gull." (s. 67) 
Pippi, Tommy og Annika har det heilt storarta på øya der dei leiker med alle dei andre barna, snakker ein hai til fornuft og hindrer perletyver. Etterkvart reiser dei heim til den ørlille byen, og i slutten av tredje bok bestemmer dei seg for å aldri bli store. Pippi finner fram dei kjente krumelurepillene, og eg syns boka slutter ganske så poetisk:
"Men Pippi stirret bare fremfor seg med drømmende øyne. Så slukket hun lyset." (s. 124)
Pippi var i utgangspunktet ein godnattforteljing til Astrid Lindgrens dotter, Karin, men vart raskt kjent over heile verda. Pippi er nok ikkje min favoritt blant Lindgrens "barn", men det er ein humoristisk avkobling frå alt anna. God pinsehelg!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ååhh... Pippi Langstrømpe går ombord står i hylla mi. Leste den selv da jeg var 7-8 ifølge det jeg har skriblet med stor skrift inni. Leste den for ungene, og nå står den og venter på barnebarn. Herlig bok!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syns og det er flott at mor har lest dette, eg har lest det, og overfører det til neste generasjon. Priceless!

      Slett