Søk i denne bloggen

lørdag 16. mai 2015

Bok: "Interpreter of Maladies"

Forfatter: Jhumpa Lahiri (f. 1967)
Utgitt: 1999
Min utgåve: 2000
Format: Heftet, 198 sider
Forlag: Flamingo/Harper Collins
Mål/utfordringar: Off the shelf, Større geografisk spredning

Den indiskamerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri debuterte med denne novellesamlinga i 1999, og mottok Pulitzerprisen for beste skjønnlitterære verk året etter. I tillegg til Interpreter of Maladies har Lahiri novellesamlinga Unaccostumed Earth (2008), og to romaner, The Namesake (2003) og The Lowland (2013, min anmeldelse), på samvittigheten. Sistnemnte var på kortlista til Bookerprisen 2013.

Interpreter of Maladies består av 9 noveller på mellom 13 og 28 sider. Dei handler alle om ulik tilknytning til heimlandet India.

I første novelle, A Temporary Matter, møter me eit ungt ektepar, Shoba og Shukumar, som ein dag får ein notis i postkassen om at kvar kveld i fem dager vil straumen vera vekke i ein time. Ekteparet har stått kvarandre nær, men etter tapet av deira førstefødde har dei glidd frå kvarandre. Dei bruker disse kveldane til å koma nærmare, og fortel løyndomar dei har gøymt frå den andre. Ein sår historie om kor lett det er å unngå den andre parten.

I andre novelle, When Mr. Pirzada Came to Dine, Lilia og familien har ein gjest til middag kvar kveld hausten 1971. Kvar kveld får Lilia ein bit godteri av Mr. Pirzada. Gjesten har reist frå Pakistan til USA, og har ikkje sett familien sin på lenge, og han frykter at krigen mellom India og Pakistan har utsletta familien hans. Mr. Pirzada og Lilia snakker svært lite saman, men då Mr. Pirzada reiser tilbake til Pakistan forstår Lilia kva sakn er. Dette var ein av dei mest "ekte" novellene då Lahiri skriver rundt ei ekte hending.

I tittelnovella, Interpreter of Maladies, møter me ein turguide i India, Mr. Kapasi, som observerer familien han er guide for. Undervegs på turen ser han at Das-familien, og spesielt mora, er lite kjærlege mot kvarandre. På turen fortel Mr. Kapazi at hans eigentlege jobb er som tolk for ein lege, og for fyrste gong får Mr. Kapasi høyre at jobben hans er viktig. Novella sentrerer rundt Mr. Kapasi og Mrs. Das' ekteskapsproblemer, og i løpet av turen oppdager Mr. Kapasi at han blir meget betatt av Mrs. Das.

I fjerde novelle, A Real Durwan, møter me ei eldre indisk kvinne, Boori Ma, som bur under postkassene i ein leiegård. Ho får lov til å bu der fordi ho tar på seg ulike oppgaver som ein durwan ville gjort. Ho prater ofte om sin fortid som rik, men det er ingen av leietakerne som trur på ho. Ein dag blir leiegården utsatt for tjuveri og leietakerne er overbevist om at Boori Ma har hjulpet ranerne, og kaster ho ut. Denne vart eg mest berørt av, og kaster lys over behandling av eldre mennesker i samfunnet.

Noveller blir lest med penn
og papir tilgjengelig. Foto: ES
I femte novelle, Sexy, handler det om utroskap sett frå begge sider. Den single amerikanske Miranda møter indiske Dev som er gift, medan Mirandas indiske kollega Laxmi sitter ofte i telefonen med si kusine som har ein utro mann. Då Miranda ein dag sitjer barnevakt for Laxmis kusines sønn, får ho ny innsikt i ordet 'sexy' og må tenkje grundig over sitt forhold til ein gift mann.

Sjette novelle, Mr. Sen's, fortel historien om elleve år gamle Eliots ettermiddager hos barnevakten Mrs. Sen. Ekteparet Sen bur i USA fordi mannen underviser ved universitetet, men i leiligheten er det kun indisk som gjelder. Ei underhaldande noveller om Eliots ettermiddager, og mi meining er at Eliot hadde det til tider betre hos Mrs Sen enn hos si fjerne mor.

I syvende novelle, This Blessed House, møter me nygifte Sanjeev og Tamina (Twinkle) som har flytta inn i nytt hus. Huset var tidlegare eigd av kristne, og Twinkle finner pyntegjenstander i huset og setter dei fram. Sanjeev liker det ikkje og poengterer til stadighet at dei er ikkje kristne, men Twinkle får som regel viljen sin. Denne syns eg kaster lys over korleis ein i eit arrangert ekteskap blir nødt til å akseptere den andre partens ulikheter i forhold til seg sjølv.

I åttende novelle, The Treatment of Bibi Haldar, handler det om Bibi Haldar som har vore sjuk det meste av sitt 29-årige liv. Sjukdommen er det ingen som kan finne ut kva er, og på grunn av dette har ikkje Bibi blitt gift. Ho får til nød bu hos ein fetter og familien hans, og Bibis jobb er å halde orden med varebehaldninga i fetterens utsalg. Bibis høgaste ynskje er sin eigen familie, og forsøk på å få ho gift blir gjort. Ei sår, men sterk novelle.

Den siste novella, The Third and Final Continent, handler om ein ung indisk mann som i 1969 reiser frå London til USA på grunn av ein ny jobb. Før avreise til USA har han vore heime i India og gifta seg, og hans nye kone skal kome til USA om seks veker. I disse seks vekene leiger han eit rom hos den 103 år gamle Mrs. Croft. Då kona hans kjem til USA starter dei sitt nye liv saman, og novella fortel i raske trekk om livet deira, korleis han stadig tenkjer på den gamle dama, og korleis han og familien tar til seg amerikanske tradisjoner samtidig som dei tar vare på dei indiske.

Meget fin novellesamling om eit land eg ikkje veit for mykje om, og tradisjoner som er ulike frå våre eigne, som arrangert ekteskap. Jhumpa Lahiri skriver godt, og nå har eg kjempelyst til å kaste meg over romanen eg ikkje har lest, og den andre novellesamlinga. I utgangspunktet skulle eg lese denne med Beathe i april, men i mitt tilfelle vart april raskt til mai. Det var likevel på høg tid at denne vart lest, då den sikkert har stått i bokhylla i minst fem år, om ikkje meir. Beathe sin anmeldelse finner du HER. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne har jeg lyst til å lese! Jeg forelsket meg jo helt i The Lowland og har hatt lyst til å lese mer av henne.

    SvarSlett