Søk i denne bloggen

torsdag 14. mai 2015

Bok: "Døde sjeler"

Forfatter: Nikolaj Gogol (1809-1852)
Utgitt: 1842
Min utgåve: 2004
Oversetter: Erik Egeberg
Format: Innbundet, 384 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics

Denne utgåva av Døde sjeler er den første som er gitt ut komplett på norsk. Forfatteren, Nikolaj Gogol, vart fødd i det som i dag er Ukraina, og Døde sjeler er eit av hovudverka i russisk litteratur.

Døde sjeler går føre seg i eit samfunn som Peter den store skapte i byrjinga av det 18. århundre. Hovudpersonen, Tsjitsjikov, reiser frå gods til gods for å kjøpe opp "døde sjeler". Det er ein get rich fast-metode, og lukkas han med oppkjøp er planen å samla ein fiktiv formue og pantsetta alt. På sin veg møter Tsjitsjikov fleire merkelege karakterer,og felles for alle er at dei har opplevd at mange i landsbyane deira har falt frå, og enkelte er villige til å selge sine døde sjeler til Tsitsjikov. Korleis det går med svindleren vår til slutt er ikkje godt å vite då romanen ikkje vart fullført av Gogol.

I utgangspunktet var denne romanen på klassiker-utfordringa i kategorien Forgotten Classic, men då eg oppdaga at eg hadde tatt feil av ratings og reviews på Goodreads vart den flytta til A Humorus or Satirical Classic. Det betyr at eg er halvvegs i utfordringa med 7/12 kategorier lest. Døde sjeler er ifølge baksideteksten en drepende satire over den menneskelige natur og livet i Russland under tsarregimet. Nikolaj Gogol karikerer sitt persongalleri så forskjellig og overdriver dei ulikes personligheter så mykje at eg humra og smilte overbærande fleire gonger på Tsjitsjikovs ferd. I første bind møter me den søtladne Manilov, den engestelige og sparsommelige enkefru Korobotsjka, grobianen Sobakevitsj, gnieren Plusjkin og rabagasten Nozdrjov. I annet bind møter me matmonsen Petuch, superbyråkraten Kosjkarjov, og Chlobujev og hans forfalne gods. Disse ulike karakterene gjer at Gogols hovudverk på nesten 400 sider ikkje kjennes verken tungt eller vanskelig, og glir lett avgårde.

Kven veit kva som kunne ha skjedd med vår hovudperson om Gogol hadde fullført. Det er det ingen som veit og i etterordet, skrevet av Erik Egeberg, blir det fortalt at etter første bind var publisert strevde Gogol med annet bind resten av livet. Til slutt vart det brent, og Gogol avgikk ved døden ikkje lenge etter. Annet bind inneheld fire ufullstendige kapitler som vart nedskrevne i ettertid sidan Gogol hadde hatt fleire opplesninger og manuskript liggjande rundt.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar