Søk i denne bloggen

fredag 1. mai 2015

Bok: "De syv søstre" (The Seven Sisters #1)

Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Originaltittel: The Seven Sisters, oversatt av Benedicta Windt-Val
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 540 sider
Forlag: Cappelen Damm

Lucinda Riley seilte for få år sidan opp som suksessrik forfatter med debuten Orkideens hemmelighet. Sidan har ho skrevet fleire gode bøker, og gjenutgitt bøker skrevet tidlegare. Riley er ei av dei få "dameromanforfatterne" eg liker, og gler meg stort over at De syv søstre ikkje er slutten, men byrjinga på ein storslått serie over sju bøker. Neste bok kjem på norsk i januar!

I De syv søstre blir me kjent med Maia D'Apliése som i byrjinga av boka er samla i barndomsheimen med søstrene etter farens brå død. Den sky mangemillionæren, Pa Salt, har adoptert alle sine seks døtre, og dei har levd eit skjerma liv i eit tilbaketrukket slott ved Genèvesjøen. Utanom Maia har dei fem andre jentene reist ut i verda for det dei trur på. Maia har budd i eit gjestehus på eigedomen, og først etter at faren døydde sprer ho vingene sine og reiser ut. Pa Salt var ein mystisk mann, og nå har lagt igjen spor som skal føre døtrene tilbake til opphavet sitt. Maias ledetråd fører ho til den andre sida av kloden, Rio Janeiro i Brasil.

I Brasil finner ho eit gammalt og forfallent herskapshus, og ein historie om ei dotter som blir nøydd til å gifte seg med den faren har vald ut for ho. Izabela Bonifacio hadde ein far som ville opp og fram i Brasils aristokrati. Då arkitekten, Heitor da Silva Costa, skal til Paris for undersøkelser til den berømte Kristusstatuen får Izabela vera med som selskapsdame og kompanjong for dottera til Heitor. Det blir ein tur utan sidestykke, og den lidenskapelege Izabela møter kjærleiken for fyrste gong. Livet blir aldri det same for ho.

I vår tid er Maia som kjent ute på tur for fyrste gong, og med ein mental bagasje som innehalder litt av kvart møter og ho kjærleiken.

De syv søstre ein underhaldande og interessant roman. Samtidig som historien er fiksjon er arkitektens namn ekte, og Lucinda Riley fletter dermed inn verkelege historiske hendingar inn i historien. Det gjer at det blir meir ekte. Karakterene er inspirert av stjernene, og hovedsakeleg stjernehopen Pleiadene, og kalt De syv søstre. Det blir spennande å fylgje søstrene i dei neste bøkene. Anbefales!

Tusen takk til Cappelen Damm for leseeksemplar.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Føler denne boken er litt utenfor de lesevalgene du pleier å ta. Er enig med deg at Lucinda Riley har gitt oss noen flotte romaner tidligere, men denne første boken i en lang serie ble jeg litt skuffet over. I mine øyne var konseptet lite troverdig, (en enslig mann adopterer 7 jenter?) Antar de som har vært gjennom en adopsjon er enig med meg... (eller ikke?) Neste bok skal vist ha handling i Norge, så jeg må i alle fall få med meg den, så kanskje inntrykket forandrer seg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest alle bøkene til Riley som er gitt ut på norsk, og dei er utanfor mine andre leseval. Av og til må eg ha litt som går fort :-) Dette med adopsjon er litt suspekt, og så vidt eg veit er det ikkje så lett for enslige å adoptere, men dette er nå fiksjon og kanskje er reglane annleis i andre land. Neste bok skal ha handling i Norge, og eg trur Grieg og Peer Gynt er nemnt ;-)

      Slett
  2. Jeg har litt lyst til å lese denne boka, men er litt skeptisk. Har lest The Orchid House, The Lavender Garden og The Girl on the Cliff . Likte alle de, men så leste jeg The Midnight Rose. Har faktisk ikke helt fullført den. Jeg likte ikke en av hovedkarakterene og da ble det litt vanskelig for meg å fullføre boka. Men det kan jo hende jeg er mer heldig med denne boka her og liker den bedre :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest alle som er gitt ut på norsk. Likte godt Orkideens hemmelighet, Lavendelhagen, Midnattsrosen og nemnte De syv søstre. Jenta på klippen likte eg ikkje, og heller ikkje Den italienske jenta. Sistnemnte er ei av ei rekke bøker som Lucinda Riley ga ut før Orkideens hemmelighet (under sitt pikenamn trur eg), og fleire av dei bøkene skal gis ut på ny.

      Det er jo så forskjellig kva ein liker med ei bok, og ein må jo ikkje like alle bøkene til ein forfatter. I Midnattsrosen var det ein del usympatiske karakterer så eg forstår kvifor den ikkje falt i smak. Nå er det jo slik med De syv søstre at den er ikkje endelig, det kjem jo fleire bøker med dei same folka.

      Slett
  3. Hmm. Jeg har også lest alle de nevnte, og likte de for så vidt. Unntatt den horribelt overdrevne Jenta på klippen. Bøkene hennes går fort å lese, og de er jo underholdende, men denne har stått i hylla en stund. Nå ble jeg usikker på om jeg skal lese den, men har lyst til å få med den fra Norge så da blir nok denne lest først.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jenta på klippen var kun grusom :-/

      Eg vil anbefale å lese denne først, og det kan fort bli kjekt med ei bok av ein irsk forfatter om Noreg :-)

      Slett