Søk i denne bloggen

lørdag 25. juli 2015

Bok: "Go Set a Watchman"

Forfatter: Harper Lee (f. 1926)
Utgitt: 2015 (opprinneleg skrevet i 1955)
Forlag: Harper
Anna: Kjøpt ebok, 288 sider, kjem på norsk 24. august

Årets store snakkis i bokverda har vore Harper Lee, og hennar mange år som forfatter av ei bok. Plutseleg kom andreboka, 55 år etter suksessen To Kill a Mockingbird, og den nye boka Go Set a Watchman låg på Amazons toppliste fleire månader før publisering 14. juli. Normalt sett pleier ikkje eg å bry meg så veldig om hypa bøker, men denne gongen ynskja eg å sjå kva det gjekk i. Boka ramla inn på Kindle'n 14. juli, men eg venta eit par dager og var ferdig med boka godt 4 dager etter alle andre på Goodreads. Så var det verdt det?

Go Set a Watchman byrjer handlinga godt tjue år etter Atticus Finchs kamp i retten, og Jean Louise er på veg heim til Maycomb frå New York. Ho har budd i New York dei siste fem åra, og reiser heim ein gong i året på sommarferie. Normalt sett pleier ho å ta flyet, men av hensyn til sin 72-årige far har ho denne gongen satt seg på toget. Heime venter faren, tante Alexandra og kjærasten Henry. I løpet av boka må Jean Louise navigere Maycomb på eiga hand - utan broren, utan Calpurnia og utan Dill. Det blir ikkje enkelt, og då ho oppdager at både faren og Henry deltar på eit møte kun for kvite blir Jean Louise opprørt og sjokkert. Avreisen til New York skjer fort og gale, og idola ho hadde som barn blir mindre.

Først og fremst vil eg ikkje karakterisere Go Set a Watchman som verken forløper eller oppfølger til To Kill a Mockingbird. Den handler om dei same folka, bare i ei anna tid og med eit anna perspektiv. Jean Louises forteljarstemme er vekke, og tjue år etter handlinga i To Kill a Mockingbird har muligens sørstatene i USA kome litt lenger. Men var det verdt det? Det er alltid interessant å lese ei bok samtidig som "alle andre" gjer det, og sjølv om eg ikkje er redd for verken spoilere eller anmeldelser før eg har lest ei bok sjølv så er eg glad eg har lest boka.

XOXO

15 kommentarer:

  1. Jeg har lurt på det samme: skal jeg lese boka? Det kommer nemlig en del dårlige kritikker av boka for tiden ... Din anmeldelse har vekket min interesse og den har fått meg til å bestemme meg for at selvsagt skal jeg lese den! Takk for anbefalingen din!

    SvarSlett
  2. Jeg er så nysgjerrig av meg at jeg MÅ lese den uansett om andre har ulike oppfatninger av den!

    SvarSlett
    Svar
    1. Leste et sted at dette egentlig var debutboken til Lee men forlaget hadde bedt henne fokusere på barndomshistorien i stedet, disse tilbakeblikkene vi får i denne "nye" og slik ble Drep ikke en sangfugl til....veldig interessant og siden dette ikke er ferdig materiale kan det være mange blir skuffet om den ikke har de samme kvalitetene som Drep ikke en sangfugl har.

      Slett
    2. Det er heilt sant det du har lest, Beathe, det var egentlig debutboken til Harper Lee. Og den har ikkje dei same kvalitene til To Kill a Mockingbird, men eg syns det er ein god historie. Eg sa i ein anna kommentar her at det er opp til kvar enkelt kva ein les og ikkje les - eg angrer ikkje på at eg har lest den :-)

      Slett
  3. Harper Lee fikk mye plass i bokhandlerne i London i sommer, så jeg må nok innom denne jeg også :) Takk for spennende omtale!

    SvarSlett
  4. Jeg vet heller ikke om jeg skal lese denne, etter de dårlige og lunkne anmeldelsene jeg har lest, hvor flere mener den like godt ikke burdet vært utgitt.. Så- Kanskje, kanskje ikke..

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er opp til ein sjølv kva ein les, eg er glad eg har lest den :-)

      Slett
  5. Har akkurat kjøpt meg boka, men har ikke fått lest den enda. Jeg vet mange kritiserer den litt i forhold til den andre boka. Men siden jeg var så stor fan av den, håper jeg at jeg liker den også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg nådde den ikkje heilt opp til Drep ikke en sangfugl, men det trur eg har mykje å gjera med at den er ei av dei beste bøkene eg har lese på ei heil stund. Det tyder ikkje at denne var dårleg – eg likte boka godt, eg. Men det er vel typisk at folk eigentleg har lyst til å lese ei bok som er heilt lik Drep ikke en sangfugl, og det er ikkje denne. Ikkje la deg skremme!

      Slett
    2. Go Set a Watchman er ikkje To Kill a Mockingbird, men det er ei god bok. Håper du liker den :-)

      Slett
  6. Eg las denne tidlegare i dag, og må seie at eg likte boka godt. Den nådde ikkje heilt opp til Drep ikke en sangfugl, men for å vera ærleg er det få bøker som gjer akkurat det... Det er ikkje einsbetydande med at boka er dårleg. Trur at mykje av kritikken kjem av at folk er skuffa over karakterane si utvikling. Det reint litterære er det nok meir hald i, eg sakna og ei meir bearbeida utgåve – men det er kanskje litt mykje forlanga i og med at forfattaren ikkje er i stand til å gjera det sjølv. Strir litt mot meg sjølv på det punktet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er få bøker som når opp til To Kill a Mockingbird, eg har lese den to gonger dei siste 2 åra, og den står som noko av det betre. Go Set a Watchman er ikkje dårleg, men som du skriver i anmeldelsen din så hadde nok boka hatt godt av ein pusseklut, men kven skulle i såfall ha toke den avgjerdinga. Harper Lee kan me hvertfall ikkje spør ;-)

      Slett