Søk i denne bloggen

mandag 20. juli 2015

Bok: "Nora Webster"

Forfatter: Colm Tóibín (f. 1955)
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Forlag: Penguin
Anna: Heftet, 311 sider

Den irske forfatteren Colm Tóibín har fleire romaner, novellesamlinger og sakprosa på samvittigheten, og blir ofte nemnt i forbindelse med bokpriser. Han har vore på Bookers liste fire gonger (shortlist 1999, 2004, 2013; longlist 2009) og med Bookers longlist rett rundt hjørnet kan Nora Webster hamne på longlist 2015.

Nora Webster føregår i Irland på slutten av 60-talet. Nora har nyleg blitt enkje, og sit igjen med fire barn då ektemannen døyr etter ei tid med sjukdom. Med hjelp frå familie og venner klarer Nora og barna å kome gjennom sorgen og kome styrka ut på den andre sida.

Det handlingsreferatet er kort, men det er til tider vanskeleg å finne orda når ein ikkje er sikker på om boka er verdt det. Nora Webster er min tredje Tóibín-roman, og sjølv om språket er nydeleg så er ikkje historien heilt i mi gate. Nora har fire barn som alle har sine snodigheter, ho har systre som på sitt vis irriterer vettet av Nora, og ho sjølv har sjelden hevda seg i livet og har fleire gonger lent seg på ektemannen. Forsida på min utgåve fortel at boka er ein kjærleikshistorie, men den finner ikkje eg. Romanen har vore på nomineringslista til både Costa 2014 og Folio 2015, og om den ender på Bookers longlist så skal eg smile fordi den allereie er lest, men eg kjem ikkje til å sippe om den ender utanfor longlist.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Fin omtale! :-) Nora Webster hadde mange fine øyeblikk, og spesielt likte jeg måten hun gradvis "finner seg selv" som menneske og musikk åpner opp livet hennes. Jeg likte også veldig godt hvordan hun ikke er et perfekt menneske, tvertimot er hun både litt amper og hårsår. Men hennes kvalitet som mor skinner igjennom og jeg opplevde hele boken som så menneskelig. En fin bok --- men vi er enig om at den ikke er Tóibíns beste :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjølvsagt har Nora Webster sine øyeblikk, men heilheten er ikkje det optimale for meg :-)

      Slett