Søk i denne bloggen

onsdag 8. juli 2015

Endringar i Bookerprisens internasjonale pris

Kjelde: MBPs nettside
Sidan starten i 1969 har Bookerprisen gått gjennom fleire endringar - sist med innlemminga av amerikanske forfattere i fjor. Tidlegare denne veka annonserte Bookerprisen endringar vedrørande den internasjonale prisen.

Man Booker International Prize vart stifta i 2005 og er ein pris som blir gitt til ein forfatter som blir oversatt til engelsk, og gitt til eit forfatterskap annakvart år - ikkje til ei enkelt bok. Nå skal prisen bli delt ut kvart år frå 2016 og vil bli gitt til ei enkelt bok. Den internasjonale prisen vil føregå slik: Longlist i mars, shortlist i april og vinneren blir kåra i mai. Her kan du lese meir om saken.

Tidlegare vinnere av den internasjonale prisen:

2005: Ismail Kadare ALBANIA
2007: Chinua Achebe NIGERIA
2009: Alice Munro CANADA
2011: Philip Roth USA
2013: Lydia Davis USA
2015: László Krasznahorkai UNGARN

Dette kan fort bli interessant, og vil nok gi meir merksemd til oversatt litteratur. Kva trur du?

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg gleder meg til å følge med på denne, listebesatt som jeg er.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og - totalt hekta på lister :-)

      Slett