Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 13. august 2015

Booker-shortlist: "A Spool of Blue Thread"

Forfatter: Anne Tyler (f. 1941)
Utgitt: 2015
Forlag: Ballantine Books
Anna: Kjøpt papirutgåve, 387 sider
Mål/utfordringer: Bookerprisen

Den amerikanske forfatteren Anne Tyler har skrevet eit tyvetals bøker, og mottok i 1988 Pulitzerprisen i fiksjon for romanen Breathing Lessons. A Spool of Blue Thread er hennar første nominasjon til Booker-prisen.

A Spool of Blue Thread handler om familien Whitshank i tre generasjoner. I nåtida møter me Abby og Red Whitshank og deira fire barn og ei rekkje barnebarn. I brotstykker får me høyre om foreldra til Red, og historien om Junior og Linnie Mae dominerer den eine delen av boka. Abby og Red oppdrog barna i eit solid bygd hus (Red hadde eige byggefirma) og fortset å bu i huset etter at barna har flytta ut. I Anne Enrights bok, The Green Road, og i denne er det to jenter og to gutar, og dei har alle skapt sitt eige på kvar sitt vis. Fordelinga av kor mykje ein får vite om kvart barn er likevel skeiv, og med Abby som forteljar, har ho fokusert meir på sine søner enn på sine døtre. Amanda og Jeannie veit me lite om; dei er begge gift med kvar sin Hugh, begge har barn og begge har jobb. Kva dei tenkjer utover i boka blir det sagt lite om. Sønene Denny og Douglas (populært kalt Stem) får desto større plass.

I byrjinga av boka ringjer Denny heim til sine foreldre og fortel at han er homofil, men då Red reagerer på ein brysk måte høyrer dei lite frå Denny dei neste åra. Dette var før mobiltelefon og internett si tid, og det var ikkje lett å finne folk utan telefonnummer og adresse. Douglas er eigentleg ikkje ein Whitshank, han vart tatt inn i familien som to-åring då faren døydde, men ingen lovformelig adopsjon er foretatt. Han er gift med den ivrige kyrkjegjengaren Nora, og dei har tre søner. Då Abby får eit snev av senilitet og Red langsomt blir døv, flytter Douglas tilbake til barndomsheimen med familien sin. Det skaper visse gnisningar mellom brørne, men kva systrene tenkjer får me høyre lite om. Ein årleg strandtur for stort og smått er obligatorisk, så ei veke kvart år er Abby og Red samla med sine barn, svigerbarn og barnebarn i eit leigd hus ved sjøen. Då kjem det fram at ein anna familie har feriert i nabohuset i årevis, men ingenting har blitt gjort for å bli kjent med kvarandre. Dei har simpelthen bare observert den andre familien i årevis.

Då longlist vart publisert vart det spekulert i om Tylers bok var årets "kosebok" på lista. Eg er ikkje redd for å innrømme at eg kjeda meg noko heilt enormt når eg las denne boka, rett og slett fordi det skjer så intenst lite. Det er nærmast eit ikkje-eksisterande plot i denne romanen, og sjølv ikkje den flotte historien om Junior og Linnie Mae klarte å redde førsteinntrykket mitt av denne boka. Det vart som ein monolog som aldri tar slutt. Eg veit at boka fins på Storytel og mogleg den er betre i lydform, men eg ynskjer ikkje å sjå A Spool of Blue Thread på shortlist om ein månad.

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen og Linn.

7 kommentarer:

  1. Kjipt - denne hadde jeg planer om å lese. ..
    Hvor mange har du igjen fra Longlist, Elida?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har igjen 7 stykker. Sahota har eg på kindle, det er sengelektyren min, og Lahiri er via audible. Eg har eit lite håp om muligens å klare alle dette året :-O

      Så klart kan du kjøpe den av meg, skal eg ta den med på treff, eller ville du hatt den med det same?

      Slett
    2. Supert og tusen takk :-). Det går fint å få den på treffet.

      Slett
  2. Dette er den av bøkene vi valgte å lese i lesesirkelen min, og merker motivasjonen for å lese den daler når jeg leser den ene lunkne anmeldelsen etter den andre. Men det gjelder i grunn for mange av bøkene på longlist. Dere er jammen noen kresne lesere;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal gå an å finne det ypperste på Bookers lister, og dette året har det vore lunkent. Mine favoritter så langt er The Fishermen og Lila, men eg har 7 bøker igjen. Godt mogleg å finne noko bra blant dei :-)

      Slett