Søk i denne bloggen

onsdag 23. september 2015

Booker-longlist: "The Moor's Account"

Forfatter: Laila Lalami
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Kjøpt lydbok, lest av Neil Shah, 13t17min
Forlag: Periscope/Audible
Mål/utfordringar: Bookerprisen

Den amerikanske forfatteren Laila Lalami er fødd og oppvokst i Marokko, men bur i dag i USA. The Moor's Account er hennar tredje roman og i tillegg til Bookers longlist var den finalist til Pulitzer-prisen. Med sine tidlegare romanar har Lalami vore på nominasjonslista til Oregon Book Award og Orange Prize.

The Moor's Account går føre seg i Amerika i 1527. Laila Lalami bringer til papiret ein oppdikta historie om ein ung marokkansk slaves kamp for tilværelsen saman med meir kjente spanjoler. Dei tre andre i fylgjet er ekte personer og deira historie er nedskrevet for lengst, og det kan du lese meir om i Ann Helens anmeldelse. Den unge hovudpersonen vår, Estebanico, blir med spanjolane på ein strevsom reise på tvers av Amerika.

Då shortlist kom ut sist veke var ikkje The Moor's Account med. Eg er ikkje så lei meg for det, men boka var grei. Eg hadde litt problem med å fylgje med i handlinga i lydboka, men opplesaren var god. Skulle eg lest den om igjen så eg hadde gjort det i papirform. Lalami skriver godt, og har gjort god research med tanke på dei andre i handlinga. Med denne romanen har og Estebanico fått sin stemme høyrt i verda, og det beviser at historieforteljing kan vera med på å bringe ein stemme ut som tidlegare har vore stille.

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen, Linn og Stine.

4 kommentarer:

  1. Jeg angret også litt på at jeg ikke tok denne i papirversjon. Kjenner forøvrig at dette er en bok som forsvinner lenger og lenger bort fra meg, likte den ganske godt når jeg leste den - men nå, kanskje fire uker etterpå, husker jeg nesten ingenting.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kjenner eg og på, husker svært lite av den to veker etter at eg høyrte den ferdig.

      Slett
    2. Det er derfor du må skrive anmeldelsene med en gang før hodet blir muddlet til av nye bøker! ;)

      Slett
    3. Det er heilt sant, Linn. Eg sleit så med å skrive denne anmeldelsen at det var nummeret før den ikkje fekk anmeldelse i det heile tatt :-)

      Slett