Søk i denne bloggen

lørdag 24. oktober 2015

Bok: "Krigsdagbøker 1939-1945"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Originaltittel: Krigsdagböcker 1939-1945
Utgitt: 2015
Oversetter: Lene Sandvold Evensen
Format: Innbundet, 320 sider
Forlag: Cappelen Damm

Astrid Lindgren er i dag ein verdskjent skaper av figurer som Pippi, Ronja, Karlsson, Madicken og fleire med dei. Under andre verdskrig var Lindgren husmor og yrkeskvinne, og i krigsåra skreiv ho dagbok om små og store hendingar i Sverige og verda.

Krigsdagbøker 1939-1945 var i grunnen 17 (!) handskrevne notatbøker med eigen tekst og utklipp frå aviser. Eg vil tru at det var ein relativt stor jobb å samanfatte bøkene og ikkje minst å tyde handskrifta til Lindgren. Boka er ein skildring av krigen, om små hendingar i kvardagen til Lindgren-familien og små drypp av kongeleg stoff figurerer til tider.

Det som er viktig å huske på når ein les denne boka er at det Lindgren skriver om er henta frå avisene. Det er ingen nyhetsbulletin på nettet fem sekunder etter at noko har skjedd, ingen tv-overføringer og såvidt radionyheter. Avisene hadde mykje av makta i krigsåras Sverige. Sjølv om Sverige som kjent var nøytral under annan verdskrig vart dei påverka av det som skjedde utanfor. Lindgren skriver og ein del om mat. Mat var viktig for ei husmor, og sjølv om ho til tider syns at Lindgren-familien fråtser i mat så skriver ho og at det er synd på andre land i verda som ikkje har den overfloden Lindgren-familien hadde til tider. Krigsdagbøker 1939-1945 er ein ærleg beretning om krigen, og dottera Karin Nyman skriver i etterordet:
Det er også spesielt at de kjappe nedtegningene hennes er så velskrevne at de kan gjengis uredigert og umiddelbart bli fengslende lesning. (s. 308). 
Astrid Lindgren vart ikkje ordentleg kjent som forfatter før etter krigen, men Pippi figurerer i dagbøkene som ein historie Lindgren flikker på først som godnatthistorie til Karin Nyman, og deretter skriver ned då ho blir sengeliggjande på slutten av krigen. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg har lest min dose 2.verdenskrig-bøker, men denne virker annerledes. Og så liker jeg veldig godt Astrid Lindgren. Notert bak øret! :)

    SvarSlett