Søk i denne bloggen

søndag 8. november 2015

Bok: "Astrid Lindgren"

Forfatter: Agnes-Margrethe Bjorvand (f. 1969)
Illustratør: Lisa Aisato (f. 1981)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 108 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den norske forfatteren Agnes-Margrethe Bjorvand er mest kjent som forfatter av fagbøker og oversetter av Astrid Lindgren-bøker, samt som lærar ved Universitetet i Agder. Lisa Aisato har eg fulgt sidan Mine to oldemødre kom ut i 2008. Sidan har ho gitt ut fleire bøker med eigen tekst, og vore illustratør for andre forfattere. Astrid Lindgren er deira første felles prosjekt.

Som namnet og forsida indikerer handler Astrid Lindgren om den svenske barnebokforfatteren. Det er ein gjennomillustrert biografi for barn om verdens beste forfatter (det syns hvertfall Bjorvand, s. 10). Boka har eit språk som passer for barn, den har sitater av Lindgren og frå bøkene hennar og små faktabokser. Illustrasjonane er til tider basert på lånte fotografier, og dei er maleriske og simpelthen nydelege å kvile augo på.

Som vaksen er det ikkje mykje som er ukjent i denne boka, men som introduksjon til barn som veks opp i dag er den heilt perfekt. Tidlegare har eg lest at Pippi vart først skrevet til dottera Karin Nyman då ho låg sjuk, men at Brødrene Løvehjerte var ein trøysteforteljing til Gunnar Ericsson då han var sjuk var nytt for meg. Det viser at livet til Astrid Lindgren har hatt stor betydning for forfatterskapet hennar. Boka er herved varmt anbefalt, og eg håper den liggjer under mange juletrær i år (anten det er til barn eller vaksne)!

XOXO

11 kommentarer:

  1. Ja, med Aisatos illustrasjoner må jo denne være helt magisk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg digger denne boka, og sjefen på min lokale bokhandel tenkte på meg då ho pakka den ut for eg hadde spurt etter den tre gonger ;-)

      Slett
    2. Bokhandlerfolk som det er gull :-)

      Slett
  2. Dette var et godt tips til julegave. Kunne tenkt meg den sjøl!

    SvarSlett
  3. Så gøy at både du og Berit skriver om denne boken i dag. Den er allerede notert på julegavelisten :)

    SvarSlett
  4. Min spådom er at dette blir en av årets store julegavebøker! Den er virkelig flott, og jeg tipper voksne lesere vil sette ekstra stor pris på illustrasjonene :o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det trur eg og, og nå las eg akkurat at den skal trykkes i eit tredje opplag allereie :-)

      Slett
  5. Dette virker som en kjempefin bok og når det er Aisato som står for illustrasjonene vet jo man at det er bra. Tusen takk for tips! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er så bra, og sjølv om eg kan store deler av historien til Astrid Lindgren, så er illustrasjonane verdt det :-)

      Slett