Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 22. november 2015

Bok: "The Storm Sister" (The Seven Sisters #2)

Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2015
Format: Kjøpt ebok, 704 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er etterkvart velkjent i Noreg for sine romaner, og ho produserer romaner på høgt nivå sidan ho både gir ut nyskrevne og reutgir romaner utgitt med sitt gamle etternamn. I disse dager er romanen Engletreet ute på norsk, og det er ein uavhengig roman som anbefales. 2. januar kjem andre del av De syv søstre ut på norsk, men eg kunne ikkje dy meg då den tidlegare denne månaden vart gitt ut på engelsk. Vegen frå Amazon til Kindle er relativt kort!

The Storm Sister er andre del i bøkene om De syv søstre, og handler om Alcyone 'Ally' D'Apliése som blir kalt heim av sine søstre etter farens brå død. Og for dei som har lest den første boka så er dette kjent stoff. Eg har skrevet om boka her. Mangemillionæren Pa Salt har bygd opp sitt imperium på ei lita øy i Genèvesjøen, og dei seks døtrene er alle adoptert. Etter Pa Salts død og hemmelege gravlegging, som Ally utan å vite det er vitne til, får alle døtrene eit brev med koordinater til kvar dei vart funne.

Allys ledetråd fører ho til til Noreg, etter eit lengre opphald i England. Den viltre og spenningssøkande Ally er seiler, men gjekk mange år på musikkskole i Sveits. Etter ei ulukke gir ho opp seilerkarrieren, reiser til Noreg og får hjelp til ledetrådane sine. Det blir ei reise i fortid, og med Lucinda Rileys fascinasjon for Noreg speler Edvard Grieg og musikken hans ei sentral rolle i fortida til Ally. Det er ein del som skjer, og i fare for å røpe for mykje så seier eg heller for lite.

The Storm Sister er annleis enn sin forgjenger. Eg oppfatter den som meir historisk og omfattande, men det kan godt vera fordi eg har vokst opp med Edvard Grieg og var ikkje meir enn sju år første gongen eg besøkte Troldhaugen i Bergen. Lucinda Riley har som i forgjengeren blanda fiksjon og verkelegheit, men som norsk kjeda eg meg til tider. Eg trur den er meir spennande for lesere utanfor Noreg. Lucinda Riley skriver godt og har gjort sin research, og fleire ledetråder til kven Pa Salt var og korleis han fant sine døtre kjem fram etterkvart. Det er eit stort prosjekt Riley har tatt på seg, men eg har tru på at ho ror det i land. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Dette var en ukjent forfatter for meg. Høres ut som det er verdt å sjekke ut :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då har du mykje å sjå fram til om du vel å lese denne forfatteren. Riley har 7 bøker ute på det norske markedet, og fleire kjem :-)

      Slett