Søk i denne bloggen

tirsdag 24. november 2015

Tematysdag #5: Boklister

Eg er ikkje vant til å bu i koffert for ofte, men når det vart to turer på fjorten dager, så er kjensla av å bu i koffert veldig nær. Derfor vel eg å bruke forslaget til Beathe allereie i dag, også skal eg finne på noko anna til neste veke. Legg gjerne igjen kommentarer om ynskjer til kva eg kan skrive om, det er bare gøy! Forslaget til Beathe handler om korleis ein held orden på kva ein har lest, kva ein ynskjer seg og kva ein vil lese. Eg syns det var eit glimrande forslag, tusen takk!

Eg bruker Goodreads for det det er verdt! Eg kan sitte i timevis og kikke på utgåver, forfattere, ulike priser, sjangre, bøker som blir foreslått på bakgrunn av ei bok eg allereie har lest og ulike lister som blir laga av brukerne. Til dømes brukte eg ei liste som heiter Man Booker Prize Eligible 2015 før langlista kom ut, og plukka bøker frå den tidlegare i år. (Nå ser eg at det er allereie ei liste for 2016 ute!) I hovudsak bruker eg Goodreads som oversikt over kva eg les akkurat nå, kva eg har lest, kva eg vil lese og eg har hyller over det meste i min eigen profil. Eg er den som oppdaterer Goodreads omtrent sekundet etter at boka er ferdiglest.

I Goodreads kan eg enkelt finne hylla for read-2013 viss eg lurer på kva eg las det året, medan på bloggen har eg alltid oppdatert liste for inneverande år. Det har eg hatt sidan eg starta bokbloggen, og eg liker godt å sjå andres lister over kva dei har lest dette året. Det gir inspirasjon og seier ein del om kva bøker bloggeren liker. Med min listemani har eg og ei skrivebok der eg skriver inn kva eg har lest, og der står det tilbake til 2009 kva eg har lest 2009-2015. Mogleg er eg veldig listefreak, men dette fungerer for meg. Ynskjeliste over bøker har eg igrunnen ikkje skrevet ned noko sted, men det er ein del av want-to-read-bøkene i Goodreads eg kan tenkje meg å eige.

Korleis held du orden på kva du har lest?

XOXO

6 kommentarer:

  1. Jeg bruker bokelskere.no. Siden gir god oversikt over hva jeg har lest og hva jeg ønsker å lese. Jeg sjekker hva lesere med samme smak som meg mener om nye bøker og det gir meg en pekepinn. Bruker siden aktivt og er veldig fornøyd med den.

    SvarSlett
  2. Jeg bruker Bokelskere og Goodreads. Det er på bokelskere jeg legger inn alt jeg har lest, men på Goodreads jeg blar og ser på lister :-) På Bokelskere samler jeg også det jeg vil lese. Jeg har også en oppdatert liste på bloggen for hvert år og jeg skriver ned alle bøkene på Excell. Der tar jeg med forlag, år, debutant, språk, først utgitt, skrevet om, bokbloggerpris kandidat osv. Slik at når jeg skal skrive oppsummering er det bare å gå til Excellarket. Listefreak her og :-)

    SvarSlett
  3. Oppdatering er viktig, det er jo ingen andre som klapper en på skulderen når en er i mål med en bok. Jeg holdt på med et excellark i mange år, men plutselig hadde jeg glemt det, og så gadd jeg ikke fylle i. Nøyer meg med Bokelskere og bloggen, men det er lister og søkefunksjon på bloggen som utgjør hjernen, når jeg skal huske hva jeg har lest.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ofte bloggen er min hjerne også, men det er ikkje alle bøker eg skriver om så Goodreads er til god hjelp :-)

      Slett