Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 30. november 2015

Novemberstatistikk

November kan eg såvidt huske eg har vore borti, og den vart meir travel enn eg hadde sett for meg. Helgene har ikkje vore mine sidan byrjinga av månaden, då eg endte opp med utanlandsreise den eine helga og hovudstadstur helga etter. Misforstå meg rett, det er kjekt å sjå nye plasser og treffe folk ein liker, men helg er veldig heilag for meg.

Bøkene eg har vore borti

Dette er under standard, og er det lågaste antall leste bøker på ein månad dette året. Tida har ikkje strukket til, slik er det bare enkelte gonger.

* Charles Dickens: Hard Times (eiga papirbok) 1001 bøker OTH
* Synnøve Eriksen: Diamantringen (Jordbærdamene #9) (lånt papirbok)
* Lucinda Riley: The Storm Sister (The Seven Sisters #2) (eiga ebok)
* Hans Olav Lahlum: Menneskefluene (K2 #1) (eiga papirbok)
* Hans Olav Lahlum: Satelittmenneskene (K2 #2) (eiga papirbok)

* Robert Galbraith: Career of Evil (Cormoran Strike #3) (påbegynt lydbok)
* Nora Roberts: Tempting Fate (The MacGregors #2) (påbegynt lydbok)
* Charles Dickens: Barnaby Rudge (påbegynt papirbok)
* Susan Crandall: Å slentre plystrende forbi kirkegården (påbegynt papirbok)

Ein shopoholikers bekjennelser

Gdansk hadde flotte bokhandler, men svært få bøker på engelsk, så det vart ingen storhandel der. Helga etter var eg i Oslo og både Tanum Karl Johan og Ark Egertorget fekk besøk og litt penger i bytte mot fine bøker. Nå har eg ingen unnskyldning for ikkje å lese ferdig om Patrick Melrose!

* Lionel Barber (Editor): Lunch with the FT. 52 Classic Interviews (Penguin)
* Colum McCann: Thirteen Ways of Looking (Bloomsbury)
* Edward St. Aubyn: The Complete Patrick Melrose Novels (Picador)
* P.L.Travers: Mary Poppins (Gresvik forlag)

På bokbloggerjulebord har me pakkeleik, og då er det ein bokleg gåve som gjelder. I utgangspunktet skulle ein tru det var vanskeleg å kjøpe bøker til bokelskere, men det viste seg etter leiken var slutt at det var ikkje så galt. Ingen fekk noko dei hadde lest frå før, og det står til terningkast seks! Eg fekk July-boka i pakkeleiken, og Waugh-boka av finaste Silje.

* Miranda July: The First Bad Man (Canongate)
* Evelyn Waugh: Vile Bodies (Penguin)

Status lesemål (opprinnelege lesemål)

1. 124 av 100 bøker totalt lest
2. 15 av X off the shelf
3. 11 av 25 frå 1001 bøker
4. 1 av 5 frå Booker-lista + 8 frå årets long/shortlist
5. 9 av X med større geografisk spredning

Håper alle har hatt ein fin november, og velkommen til desember!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Når man jobber hele uken så forstår jeg godt at helgene blir litt hellige, selv om det selvfølgelig alltid er kjekt å reise nye steder og oppleve andre ting! Syntes du har fått lest en del likevel jeg, den eneste jeg har lest er den du har begynt på : Å slentre plystrende forbi kirkegården. Edward St. Aubyn sine bøker skulle jeg kjøpt og vært om meg når de har den komplett i ett bind, *noterer bak øret*

    Høres ut som det var veldig kjekt på julebordet, skulle ønske vi kunne fått til noe sånt her også, men nå er ikke jeg den store pådriveren heller så jeg skal ikke snakke for høyt.

    Håper du får en fin lesemåned i desember, Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Edward St. Aubyns bøker har vel kome i ein fin norsk samleutgåve og (syns eg har sett det?). Eg har såvidt begynt på nemnte bok, men så var det den tida eg ikkje hadde :-) Eg er ikkje noko særleg til pådrivar eg heller og syns det er storarta å kome til "dekka bord" i hovudstaden :-)

      Slett
  2. Det må da sies å være en god måned - geburtsdag og alt som du har hatt ;) Nesten som vanlig har jeg ikke lest ei av bøkene du har lest i november, derfor er det alltid kjekt å lese omtalene dine. Desember blir bra! Jeg selv har parkert alle festligheter i helgene, og er nesten utelukkende med på ukedagsaktiviteter. På den måten styrer jeg de hellige helgene med hard hånd :) Ha en fin advendtstid.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Marianne! Månaden har vore bra, lesetid har det vore heller lite med ;-)

      Slett