Søk i denne bloggen

torsdag 21. januar 2016

Bok: "The Children Act"

Forfatter: Ian McEwan (f. 1948)
Utgitt: 2014
Format: Eiga papirbok, heftet, 216 sider
Forlag: Vintage

Den britiske forfatteren Ian McEwan er ein forfatter som eg trur kan sitt fag då han sitter med ein master i engelsk litteratur. Han har nesten 20 bøker på samvittigheten, vunnet ei rekke priser og vore på Man Bookers liste fleire gonger. I 1998 vant han for romanen Amsterdam. Mitt første møte med McEwan var gjennom filmatiseringa av Atonement. The Children Act er hans nyaste bok.

I The Children Act møter me Fiona Maye som er høyesterettsdommer i London. Ho er viden kjent for sin intelligens og rettferdighet, men bak masken skjuler det seg privat sorg og barnløshet. Mannen gjennom tredve år vil skiljas, og ekteskapet er i ruiner. Så får Fiona ein sak i fanget: Ein 17-åring, Adam, nekter å ta imot medisin som vil redde livet hans og foreldra samtykker. Skal Fiona Maye bestemme at guten må ta medisin eller skal hans tru (som er Jehovas vitne) få medhald? Etter eit besøk på sjukehuset hjå Adam står Fiona med fleire spørsmål enn svar, og møtet mellom dei to river i kjensler som begge trudde dei ikkje hadde.

Det første som slår meg er at Ian McEwan skriver meget godt og velformulert. Det andre er at han tør å utfordre lesaren. Skal ein høyesterettsdommer få bestemme om nokon skal ha medisin eller ikkje? I eit intervju med Aftenposten i august-2015 (ekstern lenke) fortel Ian McEwan at barn som tilhøyrer Jehovas vitne stadig dømmes til livet. Med andre ord så går lov framføre retten til å bestemme over eige liv. Eg er ikkje overbevist om verken det eine eller det andre, men eg veit at fleire bøker av Ian McEwan skal bli lest. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar