Søk i denne bloggen

lørdag 9. januar 2016

Bokbloggerprisen 2015 - mine nominasjonar

Norsk litteratur kjem langt ned på lista, og endå verre er det med bøker utgitt same året. Då eg gjekk gjennom lista og såg kva eg kunne nominere fant eg 14 bøker utgitt i 2015. Det er lite i forhold til mange andre, men nye norske bøker blir ikkje prioritert av denne bloggaren. Det ser eg ikkje på som rart for bokbloggere er og blir ulike, og det håper eg fortsetjer.

Nominasjonsfristen gjekk ut ved midnatt 7. januar, og 4. fekk eg skrekken for å gløyme det for så å kome på det igjen 8. januar (!), og sendte inn nominasjonane mine i ein kjapp vending.

I årets norske roman nominerte eg tre bøker: Vingebelastning, Bienes historie og Blindgang (krimroman). Den første var ein soleklar favoritt heilt frå siste side vart lest og Bienes historie måtte derfor innta andreplassen. Hadde ikkje første bok blitt lest hadde det vore annleis så her er det små marginer. Blindgang er tiande bok i krimserien om William Wisting, og eg er godt fornøgd med samtlege bøker av Jørn Lier Horst. Eg har lest fleire norske romanar enn disse tre, men Jo Nesbøs Blod på snø-bøker, Anne Holts nyaste krimroman om Hanne Wilhelmsen og Vetle Lid Larssens bok nådde ikkje opp til nominering.

I open klasse har eg nominert samtlege bøker eg har lest. Øverst troner Bjorvand og Aisatos biografi om Astrid Lindgren, og den fekk selskap av Gro Dahle, Jørn Lier Horst (to bøker i Clue-serien), Christina Five Berg, Mona Levin og Lars Kittilsen.

Eg vel bøker etter lystprinsippet når det gjeld nyare norsk litteratur, og skulle absolutt hatt Linn Ullmann på denne lista. Eg ser føre meg at den nyaste boka kan vera verd timane. Eg blir fort gjerrig når det gjelder norske bøker og står på venteliste på biblioteket. Kjem det bøker på langlista som trigger min nysgjerrighet så blir eg lett med på samlesing. Måndag blir uansett ein spennande dag!

XOXO

7 kommentarer:

  1. Enig med deg i at dette blir bra! Er spent på listene, og skulle gjerne ha lest Linn Ullmanns bok før jeg nominerte. Den er SVÆRT bra.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då ser eg enda meir fram til Ullmann når min tid kjem :-)

      Slett
  2. Jeg er så utrolig spent, i tillegg håper jeg at vi har en krimroman på lista i år. Tror ikke jeg leste mer enn èn krim i hele 2015, og jeg vil gjerne dykke ned i den krimromanen bokbloggerne likte best av året som gikk. Personlig tenker jeg at det ikke spiller noen rolle om man har lest 1 eller 40 norske bøker før nominasjonen, det er fordi de fleste bokbloggere leser så mye at de uansett kjenner igjen en god bok, uansett nasjonalitet på forfatteren.

    I dag kommer langlista!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen krimroman, men meget bra langliste :-)

      Slett
  3. Hvilke 2 bøker i Åpen klasse nominerte du av Jørn Lier Horst? :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei to bøkene i Clue-serien som kom ut i 2015: Rivertongåten og Hodeskallegåten.

      Slett
    2. Supert, takk! Da er de notert.

      Slett