Søk i denne bloggen

mandag 8. februar 2016

Bok: "Charlie and the Chocolate Factory" (Charlie Bucket #1)

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1964
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, lest av Douglas Hodge, 3t17min47sek
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Charlie and the Chocolate Factory handler om unge Charlie Bucket som veks opp i ein liten by saman med mor, far og to sett besteforeldre. I den same byen ligger Willy Wonka's Chocolate Factory, og bestefar Joe kan fortelje utallige historier om fabrikken og om Willy Wonka. Familien Bucket har lite penger, men overlever så vidt på det vesle faren tener på tannkremfabrikken. Charlie er vant med korleis han lever, og ved kvar bursdag er han såre fornøgd med ei plate av Willy Wonkas sjokolade som presang. Ein dag mister faren jobben ved tannkremfabrikken, og familien sliter enda meir med tanke på mat og oppvarming av huset. Då annonserer Willy Wonka at han har lagt fem gullbilletter i fem ulike sjokoladeplater, og dei som finner gullbillettane får ta med seg ein ledsager og besøke fabrikken. Fire billetter blir funnet i rask rekkefylgje av barn med fleire midler enn Charlie, og heile familien håper at den siste billetten ligger i Charlies bursdagssjokolade veka etter. Skuffelsen er stor då plata er billettlaus, og bestefar Joe graver fram ein sølvdollar som Charlie skal kjøpe sjokolade for. Ingen billett der heller, og tida går. Ein kald og guffen dag går Charlie meget svolten heim frå skulen, og finner ein mynt delvis begravd i snøen. Hans første tanke er å ta den heim og gi den til mor, men han går først innom kiosken og kjøper Willy Wonka-sjokolade. Den forsvinner ganske kjapt, og då han får penger igjen kjøper han ein til. Og lykke over all lykke: Den siste gullbilletten!

Charlie inviterer med seg bestefar Joe, og saman går dei til Willy Wonka. Her treffer dei dei andre barna og ledsagerne deira, og ulikheten er stor mellom dei fem barna. I løpet av turen i sjokoladefabrikken er dei innom dei mest fantasifulle rom og dei mest utfordrande godterifantasier, og ein etter ein går det eine barnet etter det andre på ein smell om ein kan seie det slik. Til slutt er det bare Charlie Bucket igjen, og overraskinga som venter han då har få sidestykker.

Når Johnny Depp trer inn i rolla som Willy Wonka blir denne bokelskaren mo i knærne, og har vel aldri fulgt så godt med nokon gong. Charlie and the Chocolate Factory er ein historie om håp og samhold innad i familien, men mest om ein liten gutt som veks opp med masse kjærleik, men svært lite anna. Akkurat som Matilda er slutten kjempebra for resten av livet hans, men besteforeldrene kjem nok aldri over sjokket. Varmt anbefalt!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Det er så mange barnebøker jeg har lyst til å lese i år. HP, Narnia, The Wizard of Oz, Tonke Dragt sin andre bok om Tiuri, flere mummibøker. Og nå også Roald Dahl. Hvilken er din favoritt? Jeg har kun lest James and the Giant Peach i voksen alder, og likte den kjempegodt. Så filmatiseringen av Willy Wonka for ikke lenge siden, det var også en festlig opplevelse. Tror jeg må sjekke hvilke Dahl bøker jeg har stående snart, tror jeg har 4-5 av dem ihvertfall.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har nå høyrt fem i rask rekkefølge (det kjem fleire anmeldelser) og akkurat nå er det Matilda som troner øverst.

      Mummibøkene las eg i fjor, Harry Potter les eg sakte, men sikkert i år, men eg kan og tenke meg å lese The Wizard of Oz. Nå blir James and the Giant Peach neste ut :-)

      Slett