Søk i denne bloggen

torsdag 3. mars 2016

Bok: "Fantastic Mr Fox"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1970
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 1t15min51sek, lest av Chris O'Dowd
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Fantastic Mr Fox handler om Mr Fox som ikkje er redd for å stele mat frå dei tre bøndene Boggis, Bounce og Bean for å brødfø familien sin. Sjølv om bøndene i utgangspunktet er onde og litt dumme er dei grundig lei av Mr Fox sine nattlege visitter på gardane deira. Boggis, Bounce og Bean legger ein slagplan for å ta livet av Mr Fox og det starter med at dei skyter halen av Mr Fox. Etterpå graver dei opp revehiet til revefamilien - først med spader, så med gravemaskiner. Det er frykteleg spennande ei god stund då det ser ut som alt håp er ute for alle dyra som bur under jorda. Rever er kjent for sin sluhet, og Mr Fox er intet unntak. Roald Dahl konkluderer boka med disse orda: "And as far as I know, they are still waiting" og kanskje venter bøndene ennå på at Mr Fox skal kome ut.

Ei kort lydbok som er over før du aner det, men for ei lydbok. Det er fantastisk gøy å høyre Roald Dahls historier, og eg kjenner ikkje at eg muligens er for vaksen for dette. Fantastic Mr Fox er full av morsomheter og Chris O'Dowd gjer ein formidabel jobb med innlesinga. Innertier!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg digger dette prosjektet ditt. Det er så gøy at du leser bøker av Roald Dahl som jeg aldri har hørt om. Vet jeg kommer til å snope meg noe av ham i løpet av året, kanskje jeg kommer over en jubileumsutgave av en eller annen type :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Dei fleste titlane har eg heller aldri høyrt om, og eg vil tru at dei omslaga som eg bruker i anmeldelsane er nye :-)

      Slett